No vert innsyn enklare i Volda

No vert innsyn enklare i Volda

Nytt sakshandsamarsystem i Volda kommune gjer det enklare for innbyggjarar å få innsyn i offentlege dokument.

Kommunens postliste er ei oversikt over alle dokument som vert sendt til eller frå kommunen. Tidlegare har ein måtte be om å få innsyn ved å ta kontakt med servicekontoret. No slepp ein dette i veldig mange tilfelle.

Etter at Volda kommune har byta sakshandsamarsystem vert det no mogleg å lese dei aller fleste dokumenta i sin heilskap rett frå nettlesaren. Dette gjeld til dømes dokument knytt til byggjesaker, plansaker og politiske saker.

Unntaket er naturlegvis dokument som er unnateke offentlegheita med heimel i offentleglova og forvaltningsloven, som t.d. elevsaker, personalsaker og barnehagesaker.

Arkivleiar i Volda, Inger Johanne Johnsen, er svært nøgd med at den nye løysinga er på plass.

- No kan innbyggjarar og presse lett få tilgang til offentlege dokument. Dette gjer det enklare både for oss og for dei som vil ha innsyn i saker.

I Volda vil vi å ha openheit i forvaltninga vår og dette vil bidra sterkt til å forsterke dette, seier Johnsen.

Med omsyn til kvalitetssikring og internkontroll vil det vanlegvis gå 2-3 dagar frå eit dokument er motteke eller sendt til det kjem på postlista. 

Kommunen vil også minne på at brev som kjem inn til eller går ut frå kommunen blir mogleg å lese på postlista, med mindre det er ein lovheimel som gjer at det er unnateke offentleg innsyn. Det betyr t.d. at brev frå innbyggjarar vert publisert slik det kjem inn. 

Postlister og dokument frå det gamle systemet vil ikkje lenger vere tilgjengeleg for ålmenta. Dersom ein ynskjer innsyn i saker før 23. mai 2019 kan ein likevel be om dette ved å kontakte servicekontoret, som vil leite fram dei aktuelle dokumenta.

Her kan du sjå den nye innsynsløysinga!