Nokre ord til ungdommen frå ordføraren

Nokre ord til ungdommen frå ordføraren

Karoline Haugland Kjære ungdommar, no vi treng dykk med på vår felles dugnad for å hindre smittespreiing.

Alle besteforeldre treng dykk, Volda treng dykk og Noreg treng dykk.

Dei aller fleste ungdommar er ikkje i den mest utsette gruppa for koronaviruset, men de kjenner sannsynlegvis nokon som er det. Unge eller gamle. No ber vi alle ungdomar om å vere med på denne felles dugnaden. 

  • Det betyr at de ikkje kan gå på fest.
  • De kan ikkje møte vener på same måte som før.
  • All kontakt med andre menneske må avgrensast.

Dette vil endre kvardagen dykkar, men vi veit de kan. Og dette vil ikkje vare evig.

Men dersom vi alle kan stå saman gjennom denne krisa, kan vi etterpå seie: «Vi gjorde alt vi kunne, og vi klarte det». Dette vil både vere noko som reddar liv og det vil vere noko ein ser tilbake på i mange generasjonar. Vi kan akkurat no skape denne historia: 5 millioner nordmenn sto saman gjennom ei nasjonal og global krise, og vi fekk til det beste resultatet vi kunne klare.

  • Finn kvarandre gjennom digitale plattformer.
  • Snakk saman via telefon.
  • Om du vil på fest, gjer det digitalt.

Ta ansvar.

#Keep Calm, Your Heart Warm and Wash Your Hands (often) :-)

Og; lik og del!