Norkart utsett for dataangrep Norkart.no Norkart er leverandør av IT-system for kart- og eigedomsinformasjon. Selskapet har vore utsett for eit datainnbrot i ei av søketenestene til selskapet. Norkart oppdaga hendinga raskt. Likevel kan uvedkomande ha fått tilgang til informasjon som namn, adresse og fødselsnummer frå databasen. Norkart har ikkje grunn til å tru at opplysingar er forsøkt misbrukt, men oppmodar likevel alle om å vere merksame med tanke på svindel og ID-tjuveri. Kommunane på Søre Sunnmøre nyttar seg av Norkart sine tenester og vil derfor oppmode om det same. Datainnbrotet er meldt til politiet og etterforsking pågår. Les heile pressemeldinga på Norkart sine nettsider her. Datatilsynet sine råd til deg som er utsett for ID-tjuveri. Publisert 11.05.2022 10:17 Sist endra 11.05.2022 10:17