Norsk innovasjonsenter AS - søknad om økonomisk deltaking

Norsk innovasjonsenter AS - søknad om økonomisk deltaking

To blide jenter som ser på ein liten robot  - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete frå brosjyre for Newton, "Gode læringsopplevelser former fremtiden!" FIRST Scandinavia

Sak om Norsk Innovasjonssenter AS skal til politisk behandling, først i formannskapet 2. mai og så i kommunestyret 11. mai.

I saksutgreiinga står det at Norsk Innovasjonssenter har vore ein grunnide som det har vore jobba med i ca 10 år der Volda kommune saman med mellom andre Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Sunnmøre Kulturnæringshage og andre har delteke gjennom forprosjekt og hovudprosjekt.

Etter nyttår har det vore jobba med å spisse konseptet slik at det kan materialiserast. Selskapet er i gang med å hente inn kapital gjennom emisjon og kapitaltilskot for å utvikle prosjektet fram mot driftsfase. Selskapet vender seg til fleire aktørar i samband med kapitalinnhenting. Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda og Volda kommune er tenkt å vere likestilte når det gjeld garantiar for fellesromma/fasilitetane i innovasjonssenteret. I tillegg er Sparebanken Møre ein sentral part både i prosjektet og som garantist for lokala i innovasjonssenteret. Innovasjonssenteret skal vere ein sentral del av bygget i Aasenkvartalet som Volda Utvikling AS har fått i oppdrag å få realisert. 

Norsk Innovasjonssenter AS (NIAS) søkjer Volda kommune om utløysande finansiering for realisering av Norsk Innovasjonssenter i Volda og kommunedirektøren rår til at kommunen involverer seg i selskapet med aksjekapital, tilskot og garantibeløp for større fasilitetar i senteret.

Innovasjonssenteret vil legge til rette for aktivitetar, arrangement, formidling og kontakt mellom privat og offentleg verksemd som byggjer opp under formålet der nyskaping, etablering, forsking og utvikling skjer tett samarbeid med partnarar og i samsvar med regionale behov.  

Norsk Innovasjonssenter
Tittel Publisert Type
Søknad om tilskot til realisering av Norsk Innovasjonsenter AS 24.04

27.04.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Søknad om tilskot til realisering av Norsk Innovasjonsenter AS 240423.pdf
Saksutgreiing om Norsk Innovasjonssenter AS - søknad om økonomisk deltaking

27.04.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Norsk innovasjonsenter AS - søknad om økonomisk deltaking - saksdokument FSK 020523.pdf
Newton konseptbrosjyre, "Gode læringsopplevelser former fremtiden!"

27.04.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Newton konseptbrosjyre.pdf

Her kan du lese alle saksdokumenta (innsyn.volda.kommune.no)