NRK med direktesending frå Hornindal

NRK med direktesending frå Hornindal

NRK Møre og Romsdal sende direkte frå Hornindal onsdag kveld.

For å markere at tidlegare Hornindal kommune frå nyttår av vart ein del av Møre og Romsdal fylke, sende NRK distriktssendinga si frå Smia på Grodås onsdag kveld.

Sendinga kan du sjå i opptak i NRK sin mediespelar på nett.

Tidlegare på dagen hadde rikskringkastinga også radiosending frå Grodås, som du kan høyre i opptak på heimesida deira.

Før TV-sendinga i kveld har NRK også laga ei førehandsomtale om området, som du kan sjå i videovindauget under.