Ny gjestebrygge er på plass

Som del av sentrumsprosjektet i Volda vert det no montert ny gjestebrygge i sentrumshamna.

Foto: Torgeir Stensø

Det er Marina Solutions AS som leverer anlegget som vert utrusta med fortøyingspullertar, uttak for landstraum, vasskrane med slange, kajakkplattform, redningsleider og lykter som vil lyse når det er mørkt. Det vil verte etablert ei betalingsordning for bruken av brygga, slik at båtar kan kjøpe seg straum og tilgang til vatn og slik at det går an å ligge fortøyd her så lenge ein ynskjer.

Prislappen på brygga er på kr 530 000,- eks mva.

Formannskapet gjorde vedtak om etablering av gjestebrygge i sentrumshamna den 19.05.2020 – ilag med fleire andre delprosjekt for utvikling av utemiljøet i Volda sentrum. Dette er midlar som kommunestyret tidlegare har vedteke som løyving i kommunen sitt investeringsbudsjettet for 2020.

Ein voner at tiltaket kan føre til at fleire vitjar Volda med båt og at brygga elles også kan fungere som møteplass for alle som ferdast i sentrum. Etter kvart vil det kome på plass benkar og opplysningstavle med informasjon om Volda sentrum  til båtfolket.