Gina Rundtom og Kristoffer Åreskjold er dei nye Newton-lærarane.
Marius Beck Dahle
Satsinga er eit samarbeid mellom Volda kommune, FIRST Scandinavia og Sparebanken Møre, og skal styrkje interessa for teknologi og realfag.
Volda kommune har saman med Sparebanken Møre og FIRST Scandinavia inngått ein avtale om etablering av Newton Møre Volda. Rommet blir ein inspirerande læringsarena der barn og unge får utforske teknologi og naturvitskap gjennom praktisk og relevant undervisning.
– Dette er ei viktig satsing for kommunen, og vi gler oss til å gje barn og unge ein arena der dei kan utforske og lære gjennom praktisk arbeid. Newton Møre Volda vil styrkje realfagsundervisninga og bidra til å vekke interesse for teknologi og naturvitskap, seier Per Ivar Kongsvik, kontaktperson for prosjektet i Volda kommune.
Kompetanse for framtida
Bakgrunnen for etableringa er eit tydeleg signal frå næringslivet i regionen om behov for styrkt kompetanse innan teknologi og realfag. Newton Møre Volda skal bidra til å bygge bru mellom skule, høgare utdanning og arbeidsliv.
Sparebanken Møre bidreg med 5 millionar kroner til prosjektet, og er formell gjevar av Newton Møre Volda til Volda kommune. FIRST Scandinavia leverer rommet nøkkelferdig, inkludert opplæring av Newton-lærarar, medan Volda kommune får ansvar for drift og vidare utvikling.
– For å kunne halde fram med å utvikle regionen vår må vi styrke kompetansen innan teknologi og realfag. For å få til dette må vi klare å skape nysgjerrigheit og realfagsglede allereie frå barneskulealderen. Og Newton-rommet vil vere den perfekte arenaen for dette. Eit samarbeid mellom næringsliv, akademia og skulane vil gje regionen vår eit løft gjennom kunnskap og utvikling, seier Hege Karete Hamre, banksjef for næringsliv i Sparebanken Møre og ein av initiativtakarane bak prosjektet.
Del av regional satsing
Newton Møre Volda blir det tredje Newton-rommet i Møre og Romsdal etablert i samarbeid mellom Sparebanken Møre og FIRST Scandinavia. Tidlegare er Newton Møre Ålesund og Newton Møre Kristiansund etablert som del av ei regional satsing på realfag og teknologi.
Erfaringar frå Newton-romma i Ålesund og Kristiansund
I Kristiansund har Newton-rommet blitt ein viktig del av Campus Kristiansund, og vert brukt aktivt av elevar frå heile kommunen. Erfaringane viser at praktisk og utforskande undervisning gir auka motivasjon og meistring, og rommet har òg vorte ein arena for fagleg utvikling og samarbeid mellom skular og næringsliv. Newton Møre Ålesund har etablert seg som ein felles læringsarena for barn og unge i regionen, med fokus på praktisk undervisning i matematikk, naturfag og teknologi. Målet er å gje elevane gode læringsopplevingar og styrke interessa for realfag.
Offisiell opning
Det blir offisiell opning av Newton Møre Volda fredag 12. september kl. 10.00 i 3. etasje i Voldabadet.
Det blir ope hus for dei som vil inn og sjå:
Tid: Fredag 12. september kl. 13.00 til 15.00
Stad: Newton-rommet, 3. etasje i Voldabadet
Meir informasjon om kva Newton er: https://newtonroom.com/no/for-media