Ny nettsideportal for kommunale barnehagar

Ny nettsideportal for kommunale barnehagar

Glade barn som leikar ute. - Klikk for stort bileteVolda kommune har fått ny barnehageportal med flotte nettsider. Einar Engdal/Grafia

Dei kommunale barnehagane i Volda kommune har fått nye heimesider med nyttig informasjon.

Tidlegare år har skulane og barnehagane i Volda kommune nytta systemet PedIt. Dette vart avvikla sommaren 2019, og sidan har vi leitt etter andre alternativ.

I samband med innføring av ny heimesideløysing i Volda kommune i 2018, har no barnehagane teke i bruk same løysing.

Dette skal i størst mogleg grad sikre at du som brukar får alt samla på éin og same stad, slik at du alltid skal finne den informasjonen du treng om våre barnehagar.

Innhald på sidene er framleis under utvikling, slik at det vil verte lagt til meir informasjon fortløpande. 

Generell og overordna informasjon om barnehagetilbodet i kommunen finn ein framleis i fanekategorien barnehage og skule på Volda kommune si heimeside.

Er det informasjon om den einskilde barnehagen du saknar, ta gjerne kontakt med styraren i den aktuelle barnehagen.

Kommunale barnehagar