Ny oppvekstplan

Ny oppvekstplan

Volda kommune har fått ny oppvekstplan og fredag 19. august er det fagdag for sektor oppvekst. Då startar også arbeidet med å implementere den nye oppvekstplanen.

Formål

Formålet med oppvekstplanen er at sektoren sine verdiar, mål og tiltak vert synlege for alle tilsette og dei som mottek tenester av sektoren.

Planen er å sjå på som eit verdidokument og ein overordna plan. Planen skal gi retning for korleis vi prioriterer i den daglege drifta og danne grunnlag for prioriteringar i til dømes budsjett –og økonomiplanarbeid. Alle våre tilsette og tenestemottakarar skal gjennom planen sjå kva vi forventar av kvarandre.

 

Her kan du lese planen (PDF, 9 MB) 

Revidering

Den nye oppvekstplanen er ei revidering av «Kvalitetsplanen for sektor opplæring og oppvekst 2017-2020».

Planen har vore på høyring til alle tilsette i barnevernstenesta, helsestasjonen, barnehagane, grunnskulane, kulturskulen samt vaksenopplæring og integrering. I tillegg har brukarorgana (FAU og SU) i barnehagane og skulane delteke. Hovudtillitsvalde har og vore invitert i høyringa, og Ungdomsrådet har hatt møte for å gi sine innspel i arbeidet med revideringa. I høyringa fekk alle tilgang til eit arbeidsdokument som hjelp og støtte i arbeidet. Både kommunale og private barnehagar og skular har vore med i revisjonsprosessen.

Denne revideringa har teke opp i seg fleire av innspela som er komne inn. Elles er delar av innhaldet frå den førre planen teke med vidare, då det er vurdert at mykje framleis står seg godt. 

Etter innspel vert visjonen endra til også å inkludere vaksne: Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer. Alle tilsette i sektoren skal kvar dag gjere sitt beste for at denne visjonen skal bli oppfylt. Familie, frivilligheita og øvrig nettverk spelar også viktige og avgjerande roller for å oppfylle visjonen. For at planen skal ha verknad og kraft, må tilsette og rådsorgan gjere seg kjende med og slutte opp om han. Dette skal leiarane i sektoren rette merksemda mot i tida som ligg føre.

På fagdagen til sektor oppvekst 19. august skal Oppvekstplan sektor oppvekst 2022-2027 bli presentert ved kommunalsjef Per Ivar Kongsvik.

Vi ønskjer alle lykke til med det viktige arbeidet til beste for barn, unge og vaksne.