Ny ordning med servicevakter i helse- og omsorg

Ny ordning med servicevakter i helse- og omsorg

Bilete av Sigrid Saanum, seksjonsleiar, og Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar for institusjonstenesta. Dei sit på ein benk i sola utanfor Volda omsorgssenter. - Klikk for stort bileteF.v. Sigrid Saanum, seksjonsleiar, og Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar for institusjonstenesta Volda kommune

Helse- og omsorg prøver i sommar ut ei ny ordning der ungdomar under 18 år får jobbe som servicevakter. 

Ei prøveordning 

– Volda kommune starta prosjektet "Heiltidskultur" tidlegare i år. Institusjonstenesta er pilot og kom i gong i mai.  Vi har hatt to samlingar der vi har snakka mykje om oppgåvefordeling og oppgåveflytting. Vi har sett på alle typar oppgåver vi gjer i løpet av ei vakt og kven som utfører dei, seirer avdelingsleiar for institusjonsteneste, Ann-Sølvi Heltne.

– Vi har sett at der er ein heil del av det vi gjer som er praktiske oppgåver, og som ein ikkje treng helsefagleg utdanning eller bakgrunn for å kunne utføre.

Mange under 18 søker 

– Kvart år har vi opplevd at det er mange i aldersgruppa 16-17 år som søker på sommarjobbane som er lyst ut. Desse er litt for unge til at vi kan sette dei inn i pleie.

Vi i seksjonsleiargruppa har diskutert om det er noko vi kan gjere, slik at vi kan tilby dei ein feriejobb, for vi har hatt bruk for fleire sommarvikarar enn det vi har fått tak. 

Oppgåvekartlegging og heiltidskultur

I samband med oppgåvekartlegginga vi hadde i samband med prosjeket heiltidskultur, bestemte vi oss for å ha ei prøveordning denne sommaren, med det vi kallar «servicevakter», fortel Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar for institusjonstenestene.

– Vi hadde høyrt at fleire andre kommunar har hatt suksess med ei slik ordning i fleire år. 

– Prøveordninga har vorte svært populær. Vi har no 18 jenter og gutar i aldersgruppa 16-17 år som skal vere hos oss i sommar. Ei blanding av unge voldingar og ørstingar. 

– Vi har 16 ungdomar som skal vere på Volda omsorgssenter, fordelt på fire seksjonar, og to som skal vere på Hornindal omsorgssenter. Eg trur at vi kunne ha tilsett minst 30 ungdomar, mange har tatt kontakt etter at «jungeltelegrafen» hadde rulla litt, seier Ann-Sølvi. Ungdomane skal vere her i perioden frå 26.06.23 til rundt 20.08.23.

– Vi har hatt fellesmøte med alle som skal jobbe her i sommar, der dei fekk orientering om kva arbeidsoppgåver dei skal utføre, og kva oppgåver dei ikkje skal vere med på. Ungdomane fekk ei omvisingsrunde på huset og på den seksjonen dei skal vere på.

– Alle vil få opplæringsvakter før ferien startar. Dei skal ha namneskilt der det står namn og at dei er service vakt. Ungdomane som er servicevakter skal ikkje ta del i pasientnært arbeid, som hjelp i stell, på WC eller hjelp til mating. Dei har fått beskjed om at dersom bebuar, pårørande eller andre ber om hjelp til noko dei ikkje skal utføre, skal dei hente ein av dei tilsette som er i pleietenesta.

Servicevaktene vil gå i turnus, slik at det på dei ulike seksjonane vert, ein på dagvakt frå 08.00 til 14.00, ein på kveldsvakt frå 15.00 til 21.00 og ein på helg som då vert der frå 12.00 til 20.00

Etter ferien er over, vil vi kalle inn dei som har jobba her i sommar, til ei evaluering, for å høyre og få innspel på om det er ting vi kan gjere annleis til neste sommar.

Dette er arbeidsoppgåvene som servicevaktene får hjelpe til med.

Vi har utarbeidd ei liste med arbeidsoppgåver til servicevaktene

  • dekke bord og ordne til måltida
  • hjelpe til ved måltida – rydde opp etter måltid
  • servere drikke og frukt på varme dagar
  • bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
  • delta på ulike aktivitetar saman med bebuarar og tilsette slik vi kan gi bebuarane ein aktiv og meiningsfylt kvardag
  • Det kan òg vere andre praktiske oppgåver som: vaske seng/nattbord etter behov – rydde og sjå til at bebuarromma ser fine ut. Legge på plass kle, legge på plass tøy frå vaskeriet og legge på plass varer.

 – Dersom dette tiltaket fungerer godt i sommar, ønsker vi å kunne lyse ut etter service vakter i aldersgruppa 16-17, til neste års sommarferie. Dei faste tilsette ser og dette som eit godt tiltak, slik vi får nytta dei fagressursane vi har best mogleg, fortel Ann-Sølvi. 

– Ein annan ting er at vi òg ser på dette som ei form for rekruttering, det å kunne vise desse ungdomane kor kjekt og kor givande det er å arbeide i eldreomsorga, – at det kanskje ikkje er så negativt som media framstiller det som. Det er mykje positivt og bra som skjer òg, held ho fram. Erfaring frå andre kommunar er at fleire av dei som har starta i slik type jobb, fortsett i pleie etter fylt 18 år, og går vidare på helseutdanning, enten som helsefagarbeidar eller sjukepleiar/vernepleiar. Når vi veit kor stor mangel det vert på helsepersonell i framtida er det viktig å starte rekruttering tidleg.

 

Sigrid Saanum, seksjonsleiar, og Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar for institusjonstenesta, stilte til intervju på vegne av heile seksjonsleiargruppa for institusjonstenesta.

Kontakt

Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
E-post
Mobil 91 14 48 63
Sigrid Saanum
seksjonsleiar, Pile/Kleppetunet
E-post
Mobil 99 22 83 70