Nye retningsliner for transportteneste for menneske med nedsett funksjonsevne(TT-kort)

Nye retningsliner for transportteneste for menneske med nedsett funksjonsevne(TT-kort)

Frå 01.01.25 gjeld nye retningsliner for transportteneste for menneske med nedsett funksjonsevne (TT-kort). 

Frå 01.01.25 gjeld nye retningsliner for transportteneste for menneske med nedsett funksjonsevne(TT-kort). 

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har vedtatt dei nye retningslinene.

 

I retningslinene står mellom anna:

Godkjenningsperiode:  

Vedtak om godkjenning som TT-brukar vert gjeve for ei periode på 2 år frå dato på vedtaket. For brukarar som har større funksjonsnedsetjing vert det gjeve godkjenning på 5 år frå dato på vedtaket.

Reisestøttebeløp pr år

Det vert tildelt eit reisestøttebeløp på kr 3 500 for personar som bur meir enn 10 km frå kommunesenteret og kr 2 000 for personar som bur mindre enn 10 km frå kommunesenteret, gjeldande frå og med 1. januar 2025.

Volda kommune har motteke 405.000,- frå Fylkeskommunen til dekking av samla kostnader med ordninga. Fylkeskommunen har orientert kommunane om at tildeling av TT- kort utover summen som er gitt kommunen, må dekkast av kommunen sjølv. Kommunen må vurdere strengt tildeling i ordninga for å halde seg innanfor gitt ramme.  

Det er forvaltningskontoret i sektor helse- og omsorg som har ansvar for forvaltning av ordninga i kommunen.  

Retningslinene (mrfylke.no)

Her finn du søknadsskjema og meir informajson om denne ordninga 

Person som skyver rullestol - Klikk for stort bilete Pexels.com

Kontakt

Ragnhild Aarflot Kalland
seksjonsleiar forvaltningskontoret
E-post
Mobil 95 23 03 66