Nye seksjonsleiarar

Hedvig Høydalsvik og Kwan Brudevoll Salvesson - Klikk for stort bileteHedvig Høydalsvik og Kwan Brudevoll SalvessonPå Selje-/Hasletunet og Otta-/Karvestova har vi fått nye seksjonsleiarar. 

Det var i august lyst ut to seksjonsleiarstillingar. Det var lyst ut ei stilling i 2. etasje på Selje-/Hasletunet  og ei stilling i 3. etasje på Otta-/Karvestova. 

Kwan Brudevoll Salvesson er no fast tilsett som seksjonsleiar i 2. etasje for Selje-/Hasletunet.

Ho starta som seksjonsleiar for Selje-/Hasletunet i oktober 2020, og har no fått fast stilling. Ho er utdanna sjukepleiar og har jobba på Volda Omsorgssenter sidan februar 2020. Ho arbeidde først i 3. etasje, deretter har ho vore fast tilsett i stilling på Seljetunet frå mai 2020. Kwan har vidareutdanning innan leiing, og har erfaring både frå heimebasert omsorg  og sjukehus frå tidlegare.

Hedvig Høydalsvik er tilsett i 3. etasje på Volda omsorgssenter, og i januar 2021 starta ho som seksjonsleiar for Otta-/Karvestova. Ho er utdanna sjukepleiar og har vidareutdanning som anestesisjukepleiar. I ho har også vidareutdanning innan leiing.

Hedvig har erfaring både frå kommunehelsetenesta og sjukehus. Ho kjem no frå stilling som leiar på dialyse avdelinga på Volda Sjukehus. 

Fv. Kwan Brudevoll Salvesson og Hedvig Høydalsvik  - Klikk for stort bileteFv. Kwan Brudevoll Salvesson og Hedvig Høydalsvik   

Vi ønsker dei lukke til i sine nye stillingar som seksjonleiarar!