Nytt branndepot på Straumshamn

Nytt branndepot på Straumshamn

Arbeidet med bygging av nytt branndepot på Straumshamn starta opp denne veka.

Garasjen vert plassert ved grendahuset, eit lite stykke frå det gamle depotet.

Det har vore ein lang prosess å kome i gong med bygginga og det måtte innhentast fleire dispensasjonar for å kunne bygge det på den gamle skuleplassen.

Styret i Kilsfjord grendahus har vore med på laget heile tida og har velvilleg stilt tomt til disposisjon.

Det er Audun Gausemel i eigedomsavdelinga som er prosjektleiar, og arbeidet vert utført av fleire lokale leverandørar. Prosjekt som vert gjennomført med midlar kommunen fekk for å halde oppe aktiviteten i koronatida.

I tillegg til ei romsleg garasje for brannbil, kle og anna utstyr, så vert det også eit sanitærrom med toalett og dusj. Depotet vert bygt etter same lest som det vi bygde på Dravlaus og som dei er svært nøgde med der.

Brannsjef Roy Inge Heltne er svært glad for at det no vert ny garasje på Straumshamn. Den gamle garasjen er heilt frå byrjinga av 1960 talet. Den er i dårleg stand og knapt råd å få plass til ein liten bil i.                   

Det er 7 Mannskap ved Straumshamn branndepot, og dei dekker området frå fylkesgrensa på  Stigedalen til og med Nautvika. Depotmannskapet gjer ein viktig jobb med å yte livreddande innsats og å avgrense materielle skadar inntil meir assistanse kjem fram.