Nytt flaggreglement i Volda kommune

Nytt flaggreglement i Volda kommune

Kommunestyret har vedteke reglementet for bruk av flagg og vimpel ved kommunale bygg og eigedomar.

I kommunestyremøtet 28. mars var flaggreglementet for Volda kommune ei av sakene som skulle opp til handsaming.

I saksutgreiinga gjekk det mellom anna fram at det er høve til å flagge ved andre høgtidlege og festlege høve med andre flagg frå andre kommunale bygg enn rådhuset. Vilkåret er at slike bygningar og/eller grunn vert nytta i samband med arrangementa.

Ved rådhuset skal statsflagget nyttast, men det er lov å bruke sameflagget og flagg til framande land ved sidan av det norske flagget der det er naturleg som honnør. Bruk av desse flagga skal skje i samsvar med dette reglementet.

Frå kommunalt eigde flaggstenger på torg og bruer er det høve til å flagge med andre flagg ved høgtidelege og festlege høve av almen karakter, etter søknad.

Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteke.

Her finn du saksutgreiing og flaggreglement for Volda kommune (PDF, 176 kB)!