Nytt kurs for ungdomsforeldre!

Nytt kurs for ungdomsforeldre!

Det blir arrangert eit nytt TINT-kurs i Volda frå 4. november til 9. desember 2026. Kurset går over seks onsdagar.

Nytt TINT-kurs – oppstart 4. november

Tid og stad

Datoar: Onsdagane 4., 11., 18. og 25. november og 2. og 9. desember

Klokkeslett: 16.15–18.15

Stad: Volda rådhus, kantina

Kurshaldarar

Iselin Steinnes Foldal, foreldre- og ungdomsrettleiar i FUS, og Arne Ryste frå familieteamet i barnevernstenesta.

Påmelding

Påmelding til helsestasjonen på tlf. 70 05 88 20, eller på melding via Helsenorge.  

Kurset er gratis.

 

Kurset heiter TINT – tuning in to teens. Kurset er utvikla for foreldre til unge frå 10 år og oppover. Vi ynskjer difor å tilby dette til føresette som har elevar i 5.–10. klasse. Tuning in to teens er eit evidensbasert foreldrerettleiingsprogram som fokuserer på det emosjonelle bandet mellom foreldre og ungdomen. Programmet støttar foreldre slik at tenåringens følelsesuttrykk gir ein moglegheit for nærleik, forståing og sjølvregulering. Studiar har vist positive resultat for foreldre sjølv, foreldre-tenåring relasjonen og tenåringens emosjonelle kompetanse og åtferd.  

I kurset kan du lære korleis du

  • blir betre til å snakke med tenåringen din
  • forstår tenåringen din betre
  • hjelper tenåringen din til å handtere følelsane sine
  • førebygger åtferdsutfordringar hjå tenåringen din
  • hjelper tenåringen din med å handtere konfliktar

Ungdom som har ei høgare emosjonell kompetanse

  • er meir oppmerksame og tryggare i situasjonar kor dei opplever press frå jamaldrande
  • har lettare for å handtere konfliktar og får lettare vener
  • handterer betre vanskelege følelsar som sinne og tristheit
  • har færre psykiske plager og utfordringar ift. rus

Påmelding

Påmelding til helsestasjonen på tlf. 70 05 88 20, eller på melding via Helsenorge.