Nytt reinseanlegg på Vikeneset

Nytt reinseanlegg på Vikeneset

Illustrasjonsteikning av nytt bygg for reinseanlegg på Vikeneset. Moderne firkanta bygg med grå mur nede og mørkebrune veggar over med blå detaljar. - Klikk for stort bilete Illustrasjon Christie & Opsahl AS

Oppstart av arbeid med nytt tilbygg og ombygging av reinseanlegget for avløpsvatn i Volda sentrum 

Volda kommune skal etablere nytt reinseanlegg på Vikeneset i sentrum. Det nye maskineriet som stettar dagens krav, er mykje større enn det vi har i dag. Vi må difor bygge nytt og større tilbygg. Det nye anlegget skal stå på same tomta som vert brukt til dagens anlegg. Vi må difor nytte midlertidige utløp for avløpsvatn medan arbeidet føregår, frå veke 46 til mai 2023.

Hovudavløpsleidninga, som går ifrå Holmen ved Spinneriet gjennom sentrum og heilt til Vikeneset må bli kopla om. Vi vil få eit midlertidig avløp ved elveutløpet i Øyraelva og eit på Vikeneset. Desse avløpa vil ikkje føre avløpsvatnet så langt ut og på så djupt vatn som normalt. Utslepp til Voldsfjorden vil difor verte annleis i denne perioden. 

Omkoplinga vil føre til litt endra fallforhold gjennom sentrum. Kommunen vil spyle røyrsystema regelmessig for å førebygge problem på grunn av endra fall.

Teikning av det gamle bygget til reinseanlegget på Vikeneset. Grått lite hus med raude detaljar. - Klikk for stort bileteSlik ser eksisterande bygget ut. Illustrasjon Christie & Opsahl AS