FUS-teamet. Fv.: Palma Kristin Håvik, helsesjukepleiar, Vilde Humberset Bell-Hagen, helsesjukepleiar, Monica Goksøyr, familieterapeut, Birgitte Sundgot Førre, koordinator tidleg innsats, Iselin Steinnes Foldal, foreldre- og ungdomsrettleiar og Stine Støve Eikenes, kommunepsykolog.
Volda kommune
Kurset heiter TINT – tuning in to teens. Kurset er utvikla for foreldre til unge frå 10 år og oppover. Vi ynskjer difor å tilby dette til føresette som har elevar i 5.–10. klasse. Tuning in to teens er eit evidensbasert foreldrerettleiingsprogram som fokuserer på det emosjonelle bandet mellom foreldre og ungdomen. Programmet støttar foreldre slik at tenåringens følelsesuttrykk gir ein moglegheit for nærleik, forståing og sjølvregulering. Studiar har vist positive resultat for foreldre sjølv, foreldre-tenåring relasjonen og tenåringens emosjonelle kompetanse og åtferd.
I kurset kan du lære korleis du
- blir betre til å snakke med tenåringen din
- forstår tenåringen din betre
- hjelper tenåringen din til å handtere følelsane sine
- førebygger åtferdsutfordringar hjå tenåringen din
- hjelper tenåringen din med å handtere konfliktar
Ungdom som har ei høgare emosjonell kompetanse
- er meir oppmerksame og tryggare i situasjonar kor dei opplever press frå jamaldrande
- har lettare for å handtere konfliktar og får lettare vener
- handterer betre vanskelege følelsar som sinne og tristheit
- har færre psykiske plager og utfordringar ift. rus
Tid og stad
Kurset er gratis og blir halde på Smia kl. 14-16 kvar torsdag frå veke 44-49.
(Desse datoane: 30.10, 6.11, 13.11, 20.11, 27.11 og 4.12.)
Kurshaldarane er Vilde Bell-Hagen, helsesjukepleiar på Hornindal skule og ein del av FUS-teamet, og Iselin Steinnes Foldal, foreldre- og ungdomsrettleiar i FUS.
Påmelding
Påmelding snarast til helsestasjonen på tlf. 70 05 88 20, eller på melding via Helsenorge.
Det er også planlagt kurs i Volda sentrum i 2026, eit for mellomtrinnet og eit separat for ungdomsskuletrinna. Nærare informasjon med datoar for dette kjem nærare oppstart.