Oclin fekk utdelt Miljøfyrtårn-diplom

Oclin fekk utdelt Miljøfyrtårn-diplom

Prosjektleiar i Oclin, Kristina Juul Jørgensen tok imot utmerkinga frå ordførar Sølvi Dimmen.

Ordførar Sølvi Dimmen og Prosjektledar i Oclin, Kristina Juul Jørgensen  - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen og Prosjektledar i Oclin, Kristina Juul Jørgensen Rebecca Vikene

Produksjonsselskapet Oclin er no offisielt Miljøfyrtårn-sertifisert. Prosjektleiar Kristina Juul Jørgensen uttrykkjer glede over å få eit fysisk bevis på arbeidet dei legg ned for å ta miljøansvar.

Under ei markering fekk ho overrekt diplomet frå ordførar i Volda kommune, Sølvi Dimmen. Ordføraren uttrykte også si støtte og glede over innsatsen Oclin legg ned. 

Oclin er eit kreativt produksjonsselskap med kontor i Volda og Oslo. Dei kombinerer historieforteljing og teknologi for ulike merkevarer. I Volda held Atle, Kristina og Martin til, medan Chris-Håvard og Torstein har base i Oslo. Sidan oppstarten for snart ti år sidan har dei samarbeidd med kundar som Havila Kystruten, Sparebanken Møre, Høgskulen i Volda, Tussa Kraft, Volda kommune og mange fleire.

Med Miljøfyrtårn-sertifiseringa viser dei at det er fullt mogleg å kombinere kreativitet, kvalitet og miljøansvar. 

Vi gratulerer Oclin så mykje med sertifiseringa!