Formannskapet handsama 25.11.2025 administrasjonen sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan.
Formannskapet si innstilling er lagt ut til offentleg ettersyn , jf. Kommunelova § 14-3, her på kommunen si heimeside og fysisk på rådhuset i Volda og på biblioteket i Volda og på Grodås.
Betalingssatsar for kommunale tenester er innlemma i budsjettsaka, bortsett frå renovasjon og slam som vart handsama som eiga sak. Du finn betalingssatsane under kapittel: "Betalingssatsar» i Framsikt, jf. Lenke til årsbudsjett og økonomiplan.
Slik sender du innspel
Merknad sendast til: https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL034/
Send inn dine innspel digitalt på ein sikker måte gjennom: eDialog
eller pr. brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.
Merknadar må vere kommunen i hende innan 17. desember 2025.
Folkemøte 2. desember
Det vert folkemøte om budsjett og økonomiplan tysdag 2. desember kl. 18.00 på Volda samfunnshus, kinosalen.
Lenke til årsbudsjett og økonomiplan som er til offentleg ettersyn (formannskapet si innstilling):
https://pub.framsikt.net/2026/volda/bm-2026-2026-2029_fsk
Saksframlegg med vedlegg (Saksdokument til formannskapet 25.11.25)
Formannskapet si innstilling til kommunestyret:
1. Volda kommunestyre godkjenner økonomiplan 2026 - 2029 og årsbudsjett 2026 slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak” i framlagt plan.
2. Avsetjing og bruk av disposisjonsfond vert vedteke i samsvar med følgjande tabell:
3. Volda kommunestyre godkjenner eit låneopptak på kr. 118 000 000,- for år 2026, her av
kr 20 000 000,- til startlån for vidare tildeling. I dette beløpet ligg og låneopptak på 31 mill kroner frå år 2025 som ikkje er tatt opp.
4. Salsinntekter frå eigedomar skal nyttast til å reduserer lånebehovet.
5. Volda kommunestyre godkjenner at unytta rammer til investeringar i år 2025 vert overført til budsjett 2026.
6. Volda kommunestyre godkjenner låneporteføljen til kommunen slik det går fram under menypunkt “Hovudtala i budsjettforslaget, og Lånegjeld og kapitalkostnader”. Alle lån i porteføljen kan vere gjenstand for refinansiering i budsjettåret 2026.
7. Volda kommunestyre godkjenner sektorane sine nye betalingssatsar for år 2026 slik det går fram av menypunkt "Betalingssatsar".
8. Med heimel i eigedomsskattelova (esktl.) §§ 2 og 3 vert det gjort følgjande vedtak for utskrivinga av eigedomsskatt i Volda kommune for 2026:
A. Volda kommune skal skrive ut eigedomsskatt på all fast eigedom i heile kommunen jf. esktl. §2 og §3 bokstav a).
B. Volda kommune vel å nytte bustadverdiar (formuesgrunnlag utarbeidd av Skatteetaten) som metode ved taksering av bustadeigedomar. Andre eigedomar vert verdsett ved taksering etter eigedomsskattelova § 8 A-2. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter.
C. Generell skattesats vert sett til 5,0 promille jf. esktl. §11 og §13.
D. Skattesatsen for bustad- og fritidseigedomar vert sett til 4,0 promille, jf. esktl. § 11 første ledd andre pkt.
E. Med heimel i eigedomsskattelova § 7a og b vert eigedomar vist til under kapittel om eigedomsskatt i “Hovudtala i budsjettframlegget”, fritekne frå eigedomsskatt.
F. Med heimel i eigedomsskattelova § 7c vert nyoppførte bygningar som heilt eller delvis vert nytta til husvære fritekne frå eigedomsskatt i 1 år (første året etter bustaden er tatt i bruk). Fritaket gjeld ikkje for fritidsbustadar.
G. Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar.
H. Gjeldande kommunale takstar vert kontorjustert med 5 % i 2026 jf. esktl. § 8 A-4.
9. Volda kommunestyre ber kommunedirektøren gjennomgå organisasjons- og leiarstrukturen i kommunen for å sikre ei føremålstenleg utnytting av leiarressursane og eit overkomeleg kontrollspenn. Dette skal som minimum innebere ei oppgåvekartlegging. Gjennomgangen skal òg vurdere mogleg innsparing ved reduksjon eller samanslåing av leiarfunksjonar. Resultatet vert lagt fram for kommunestyret i samband med budsjettprosessen hausten 2027 og innarbeidast i budsjett- og økonomiplan 2027-2030.
10. Volda kommunestyre ber kommunedirektøren sikre at det i alle avdelingar der vedtekne budsjettiltak inneber reduksjon i stilling(ar), vert gjennomført seniorsamtalar med tilsette som fyller 62 år i økonomiplanperioden. Føremålet er å kartleggje moglegheit for å gjennomføre stillingsreduksjonar ved naturleg avgang.
11. Volda kommunestyre ber administrasjonen om å sjå på mogelegheitene for gradvis å redusere kapasiteten i Oppigarden barnehage. Viss talet på fødde dei komande åra tilseier det, vil formålet vere å avvikle drifta av Oppigarden barnehage.
Volda kommunestyre ber vidare administrasjonen om å utnytte meir av kapasiteten i Bratteberg barnehage for å få effekt av stordriftsfordelane det vil gje.
12. Volda kommunestyre ber administrasjonen vurdere dei ulike vaktordningane med omsyn til behov, kritikalitet og ressursbruk.
13. Dalsfjord/Ulvestad skulekrins
Dalsfjord skule opna i 2012 med framtidsretta og tilpassa undervisingslokale for å kunne romme 70 born og unge frå 1.-10.klasse.
For vedtaket om bygging av ny skule, låg det til grunn at nye Dalsfjord skule erstatta den gamle skulen. Det vart avvist at det skulle vere ei struktursak i samband med bygginga og dimed vart plasseringa heller ikkje drøfta. Då Dalsfjord skule sto ferdig, vart det likevel bestemt å slå saman Dalsfjord og Ulvestad skular. Volda kommunestyre ser at prosessen bak dette vedtaket var uheldig. Vi beklagar dette og har forståing for oppretting av privatskulen Ulvestad barneskule AS på bakgrunn av nedlegginga av den offentlege barneskulen på Ulvestad.
Elevgrunnlaget i Dalsfjord/Ulvestad skulekrins er redusert sidan opninga av nye Dalsfjord barne- og ungdomsskule på Dravlaus i 2012. Dalsfjord skule har i dag 18 elevar i barneskulen og 9 elevar i ungdomstrinnet og har i dag kapasitet til å romme alle elevane i krinsen. Privatskulen Ulvestad barneskule as dekker opplæringsbehovet for 27 elevar i krinsen og er eit godt tilbod for borna som går der. Skulen har ikkje kapasitet til å ta inn alle elevar i krinsen, og har ikkje opplæringstilbod for ungdomstrinnet. Som kristen privatskule er heller ikkje dette ein nærskule for alle ungane som veks opp i Dalsfjord/Ulvestad skulekrins.
Det samla elevtalet i Dalsfjord/Ulvestad skulekrins tilseier at ein må drøfte skuletilbodet samla for alle born og unge som veks opp i krinsen. Kommunestyret i Volda ber om at det vert starta ein dialog mellom partane om framtida i krinsen der ein ser på ulike framtidscenario for Dalsfjord og søkjer felles løysingar som sikrar framleis bulyst og som gagnar alle.
14. Meirope bibliotek
Kommunestyret i Volda vil betre tilgangen til biblioteka i kommunen gjennom å innføre meirope bibliotek i Volda og på Grodås i økonomiplanperioden 2026-2029. Å gjere biblioteka meir sjølvbetente er i tråd med digitaliseringsstrategien til Volda kommune, det frigjer personalressursar og gjer tenestene meir tilgjengelege for langt fleire. Meirope bibliotek opnar for nye moglegheiter for biblioteket som læringsarena og møteplass. Til å hjelpe med å halde orden i biblioteket oppmodar vi om å engasjere frivillige som bibliotekvertar.
15. Endring av nattevaktsordning
Kommunestyret i Volda ber administrasjonen prøve ut velferdsteknologi hjå aktuelle brukarar før kvilande nattevakt vert fjerna. Utprøving må foregå i minimum 2 mnd og utpøvinga må syne at det er fagleg forsvarleg og trygt å erstatte kvilande nattevakt med ny vaktordning og velferdsteknologi. Kommunestyret føresett at det er tett dialog med brukarar og pårørande.
16. Endring av fartsgrense Lidavegen
Kommunestyret i Volda ber administrasjonen legge til rette for ei realistisk synfaring av denne skulevegen før det vert aktuelt å endre skyssordninga.
17. Frivilligsentralar
Volda kommunestyre ber administrasjonen søkje om å få oppretta ein tredje frivilligsentral. Kommunestyret ynskjer å sjå på moglegheitene for å opprette ein frivilligsentral ung og ein frivilligsentral eldre, samstundes som ein opprettheld den sentralen som per i dag er aktiv. Ein ny frivilligsentral eldre kan ta over oppgåver som i dag vert utført av frivilligkoordinatorane ved Volda omsorgssenter, samt koordinere eit breidt spekter av frivillig innsats retta mot eldre. Ein ny frivilligsentral ung kan ta over oppgåver som i dag vert utført av kulturavdelinga, samt koordinere eit breidt spekter av frivillig innsats retta mot unge.
18. Revidering av planstrategi
Volda kommunestyre ber administrasjonen kome med ei sak der formålet er å ta ned plantrykket i økonomiplanperioden.
19. Omstrukturering i veg/park/eigedom – samt reduksjon av tenestenivå
Volda kommunestyre ber om ei sak der det vert vurdert andre måtar å strukturere veg/park/eigedom og evt andre avdelingar. Målet er å få betre samhandling, ansvar på lågast moglege nivå og mindre forflytning mellom ulike lokasjonar. Ei vurdering av mogleg reduksjon av tenestenivå skal også vurderast i denne saka. Det er forventing om at ei slik sak også munnar ut i kostnadbesparing.
20. Endring i politiske utval
Volda kommunestyre vedtek å legge THO og TOK på is i 2026. Tiltaket skal evaluerast hausten 2026.
21. Auka innsats for reduksjon i sjukefråver
Kommunestyret ber kommunedirektøren ta nye grep i sjukefråværsarbeidet. Dette skal som minimum innebere:
- ei kartlegging av arbeidsoppgåver som tilretteleggande tiltak i forkant av eller ved sjukmelding på alle arbeidsplassar, og;
- styrke samhandlinga med fastlegane, slik at dei har god informasjon om tilretteleggingsmoglegheitene på kvar arbeidsplass, og;
- slik at fastlegane kan nyttiggjere seg denne for betre kvalitetssikring av avgjerdsgrunnlaget for (vidare) sjukmelding eller friskmelding (js rettleiar)
- utprøving av nye måtar/ny teknologi å følgje opp sjukmelde tilsette på, for betre dialog og dokumentasjon
- tettare samarbeid med NAV Ørsta/Volda, NAV Arbeidslivssenter og bedriftshelsetenesta for å forhindre langvarig sjukemelding
- årleg kartlegging eller revidering av risikofaktorar på kvar enkelt arbeidsplass, med hovudfokus på organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø (herunder emosjonelle og relasjonelle belastningar)
- innlemme sjukefråvær som ein del av verksemdstyring og månadleg rapporteringa i alle ledd
- sikre at arbeidet er forankra blant alle tilsette, tillitsvalde og vernetenesta.
22. Styrking av disposisjonsfond
Volda kommunestyre ber om at eventuelt nye, frie midlar som følgje av budsjettforhandlingane i Stortinget, vert å sette av til styrking av Volda kommune sitt disposisjonsfond.
Tabell