Hildegunn Mork
Formannskapet handsama administrasjonen sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan 24. november 2026.
I samsvar med kommunelova § 14-3 er formannskapet si innstilling lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen si heimeside og fysisk på rådhuset i Volda og på biblioteka i Volda og på Grodås.
Sjå årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027–2030 i Framsikt
Betalingssatsar for kommunale tenester
Betalingssatsane for kommunale tenester er ein del av budsjettsaka, med unntak av renovasjon og slam, som vart handsama i ei eiga sak.
Du finn betalingssatsane under kapittelet «Betalingssatsar» i Framsikt.
Fastsetting av betalingssatsar for renovasjon og slam 2027
Slik kan du kome med merknader
Merknader må vere kommunen i hende innan 16. desember 2026.
Du kan sende inn merknader via:
Elektronisk skjema for høyringssvar
Brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.
Folkemøte om budsjett og økonomiplan
Det vert arrangert folkemøte om årsbudsjettet og økonomiplanen.
- Dato: Onsdag 9. desember 2026
- Tid: Kl. 18.00
- Stad: Volda samfunnshus, kinosalen
Alle er velkomne!