Om faktura frå pleie- og omsorgstenester i desember

Om faktura frå pleie- og omsorgstenester i desember

Nærnett Informasjon om avvikande fakturering for pleie- og omsorgstenester i Volda kommune

I samband med at Volda kommune skal skifte økonomisystem frå 01.01.2022, vil vi med dette informere om at det blir avvikande fakturering i desember.

Faktura for pleie- og omsorgstenester, som normalt har forfall i januar, har fått forfall 29.desember 2021.

Det vil sei at det vert to fakturaer med forfall same månad for same tenesta.

Viktig!

For dei som har avtalegiro kan dette skape problem om det ikkje er teke høgde for det i maks beløp på månadstrekk for avtalen.

Det er difor viktig å justere opp beløpsgrensa i banken til å handtere to faktura denne månaden. 

For at ikkje trekk skal stoppe opp, kan de endre beløpsgrensa sjølv i nettbanken, eller ta kontakt med banken dykkar for bistand.

Det er og høve til å utsette forfall til 20. januar. Ta då kontakt med kommunen, økonomiavdelinga,  for å avtale dette.