Denne veka har Erlend og Helene frå Grindaker AS vore på besøk i Volda for å hente meir informasjon og bli kjent med området dei skal planlegge for. F.v.: Erlend Hanssen Sjåvik, arealplanleggar Grindaker AS, Sølvi Dimmen, ordførar i Volda, Steffen Myklebust, kommuneoverlege, Kjetil Mastad Vestergaard, Plan- og miljørådgjevar Volda kommune og Helene Mykleby, fagansvarleg landskapsarkitekt Grindaker AS,
Volda kommune
Volda kommune og Grindaker AS har starta arbeidet med ein ny områdeplan for indre sentrumssone. Målet er å utvikle eit levande, inkluderande og framtidsretta sentrum med gode bustader, grøn mobilitet og eit sterkt kulturmiljø. Planen skal vere klar for politisk handsaming i starten av 2026.
Hensikt og målsettingar
Formålet med planarbeidet er å fastsetje juridiske rammer for korleis den indre sentrumssona i Volda skal utvikle seg i framtida.
Planen skal gi klare føringar for:
- byggjeområde
- offentlege område og møteplassar
- vegar og gangvegar
- grøntareal
- bruk av sjøareal
Kommunen ønskjer å leggje til rette for fortetting og utvikling av sentrum, i tråd med føringane i Samfunnsdelen og kommunedelplanen for tidlegare Volda kommune.
Dette skal bidra til eit meir attraktivt, funksjonelt og levande sentrum.
Planprogrammet
Områderegulering for indre sentrumssone blir utarbeidd i tråd med vedtak gjort av kommunestyret den 31.08.2023. Planprogrammet gjer greie for føremålet med planarbeidet, skildrar planprosessen, legg til rette for medverknad, presenterer alternative løysingar som skal vurderast, og peikar på behovet for ny kunnskap og utgreiingar.
I perioden etter at planprogrammet vart godkjent har det vore jobba med kunnskapsgrunnlag som skal nyttast i planarbeidet.
Planområdet
Planområdet omfattar om lag 700 dekar, og samsvarer i stor grad med den indre sentrumssona i kommunedelplanen for tidlegare Volda kommune.
Området strekkjer seg:
- frå ferjekaia ved Vikeneset i nord
- opp Smithsgata og vidare opp Storgata frå Kyrkjegata, via rundkøyringa ved Engesetvegen
- langs Porsemyrvegen til og med Volda ungdomsskule
- deretter ned Elvegata, inkludert Prestegarden, Brunvoll og hamneområdet i sør
Planområdet for indre sentrum
Volda kommune
Kva er ein områdeplan?
Ein områdeplan er eit juridisk dokument som viser korleis eit område skal utviklast.
For Volda sentrum betyr dette ei styrking av sentrum som:
- bustadområde
- handels- og næringsstad
- sosial og kulturell møteplass
Planen legg grunnlaget for eit sentrum med høg kvalitet i både byrom, bustader og offentleg infrastruktur – og med særleg vekt på Volda sin identitet og historie.
Viktige tema i planen
- Bustader: Leggje til rette for om lag 400 nye bustader i sentrum, med eit variert tilbod tilpassa ulike livsfasar og funksjonsnivå.
- Grøn mobilitet: Satse på gode løysingar for gåande, syklande og kollektivtrafikk.
- Klima og miljø: Bidra til å redusere klimagassutslepp og fremje berekraftige energiløysingar.
- Kultur og identitet: Ta vare på og styrkje Volda sin identitet, med fokus på god arkitektur, kulturmiljø og stadutvikling.
Kva skjer no?
Grindaker AS har starta arbeidet med den første fasen – innhenting av kunnskap om dagens situasjon og framtidige behov.
Arkitekt jobbar parallelt med ei kulturhistorisk analyse etter DIVE-metodikk (D–Describe/Beskrive, I–Interpret/Tolke, V – Valuate/Verdisette og E – Enable/Aktivere).
Det vidare arbeidet med områdeplanen vil skje i samarbeid mellom:
- Grindaker AS - landskapsarkitektur og arealplanlegging
- Arkitektskap AS – arkitektur og kulturminne
- Vianova AS – trafikk og mobilitet
- Ingenia AS – klima og energi
Medverknad – saman for framtidas sentrum
Ei referansegruppe med 15 representantar frå næringslivet, organisasjonar og innbyggjarar er oppretta.
Gruppa skal bidra til å kartleggje identiteten og bruksområda i sentrum, og sikre at ulike behov og perspektiv blir tekne vare på.
I neste fase skal det utviklast to alternative forslag for sentrum.
Innbyggarar, næringsliv og politikarar vil då bli inviterte til ein planverkstad for å gi innspel til løysingane.
Helene Mykleby
Framdrift
Planarbeidet skal etter planen vere klart til politisk handsaming i mars 2026.
Volda kommune vil informere fortløpande om milepålar og høve til å delta i prosessen. I løpet av november vil vi invitere til ope folkemøte.
Følg prosessen
Hald deg oppdatert på kommunen si heimeside og på kommunen sine kanalar i sosiale media.