Erlend Sporstøl Vikestrand
Til dette arbeidet er Grindaker landskapsarkitekter engasjert.
Gjennom områdereguleringa for indre sentrumssone legg Volda kommune føringar for korleis sentrum skal utviklast med omsyn til bustader, næring, mobilitet, grøntstruktur og offentlege møteplassar. Målet er å sikre ei heilskapleg og føreseieleg utvikling som styrkjer sentrum som bu- og aktivitetsområde, og som legg til rette for sosial berekraft, klimavennlege løysingar og effektiv bruk av infrastruktur. Ein målsetnad i arbeidet er å legge til rette for 400 nye bustadar.
Parallelt med arbeidet med regulering vert det jobba med ein bustadpolitisk handlingsplan som skal gi retning for bustadutviklinga dei neste 10–15 åra. I arbeidet ser ein ser på korleis kommunen på framtidas bustadar og særleg på korleis ein kan kombinere ulike buformer og eigarmodellar for å skape eit meir inkluderande og variert bustadtilbod.
Planen skal sikre at innbyggjarane kan bu trygt og godt, og vere eit styringsverktøy for prioriteringar i kommuneplan og økonomiplan. Eit viktig grunnlag for arbeidet er utviklinga av ei innsatstrapp og ei bustadtrapp.
Innsatstrappa viser korleis kommunen bør jobbe mest mogleg førebyggande og med tidleg innsats, slik at færre treng omfattande og kostbare tiltak seinare. Bustadtrappa viser dei ulike bustadnivåa – frå ordinære private bustader, via kommunale bustader, til bustader med bemanning og institusjon. Målet er å få fleire til å meistre å bu i eigna bustad lengst mogleg, og dermed redusere behovet for tyngre tenester.
Dette betyr at bustadutvikling i sentrum ikkje berre handlar om å byggje fleire bustader, men om å byggje dei rette bustadene. Moritzmarka kan bli eit konkret døme på korleis kommunen kan kombinere ulike buformer og fellesskapsløysingar for å styrkje både sentrum og den sosiale berekrafta i Volda.
Moritzmarka-prosjektet syner korleis ambisjonane om fortetting kan realiserast på eit areal Volda kommuna eig. For å skape blest og betre kunne visualisere eit mogleg utviklingspotensiale er det laga skisser basert på kunstig intelligens. Skissene er laga før alternativa til områdereguleringa låg føre og må difor ikkje tolkast som konkrete planar til kva som skal realiserast. Det er vil vere vedteken områdeplan som gir føringar for kva som skal kan verte bygd.
Prosjektet omfattar eit stort areal med kombinasjon av bustader og næring, integrert bussterminal, parkering og fellesareal. Ambisjonen er å utvikle eit moderne og multifunksjonelt knutepunkt i sentrum av Volda. Gjennom samarbeid mellom kommune, private aktørar og Husbanken kan ein redusere risiko, sikre finansiering og leggje til rette for sosialt inkluderande løysingar.