Omstrukturering innanfor Rus og psykisk helseteneste

Omstrukturering innanfor Rus og psykisk helseteneste

I kommunestyret torsdag denne veka vart det vedteke ei omstrukturering innanfor Rus og psykisk helseteneste. 

Saka er ei oppfølging frå handsaminga av budsjett og økonomiplan for 2025–2028 i kommunestyret i desember i fjor. Kommunestyret vedtok då eit omstillingsprogram på 40 millionar, der endring innanfor Rus og psykisk helseteneste var eitt av tiltaka. I økonomiplanen vart det sett på effekten av fjerne bemanninga ved Myra bufellesskap, og at det skulle gi ei innsparing på kr. 800 000 i 2026 og deretter årleg ei innsparing på kr. 1 650 000 frå 2027.  

Rus og psykisk helseteneste har jobba i prosess knytt til dette vedtaket sidan januar 2025, då kommunestyret samtidig med handsaming av omstillingsprogrammet bad administrasjonen utgreie kva reduksjon i bemanning og tenester på grunn av omstrukturering av rusarbeidet, ville bety for brukarar og tilsette, og i kva grad ein må setja inn alternative tiltak.  

STIM gruppa (samansetjing av representantar frå arbeidstakarorganisasjonar, verneteneste og administrasjon) til Rus og psykisk helseteneste gjorde vedtak i januar kven som skulle følgje saka av dei tillitsvalde og verneomboda og svare ut kva denne omstruktureringa ville bety for brukarar og tilsette. Både plasstillitsvalde og hovudtillitsvalde var representert på dette møtet. Gruppa var einstemmig i avgjerda om å ha med ein representant for dei plasstillitsvalde og eit verneombod i arbeidet med saksutgreiinga. Ein har halde heile STIM gruppa orientert om arbeidet på møtepunkta i mars og juni 2025, i tillegg har saka vore tema på alle felles personalmøte i 2025 og alle tilsette fekk informasjon om modellen ein gjekk for på personalmøtet før ferien.    

Gjennom arbeidet kom administrasjonen til at det ikkje vil vere tilrådeleg å fjerne bemanninga i Myra bufellesskap. Derimot vart det vurdert som forsvarleg å foreslå ein omlegging av turnusen til langvakter for dei tilsette, kutte 1 time og 45 min på vaktlengda på kveld og samordne bemanninga på helg i Myra og dei ambulerande tenestene i Rus og psykisk helseteneste. Ein tek bort alle småstillingar på helg i tenesta, og baserer grunnbemanninga på tilsette i store stillingar.  

Det vil med dette forslaget vere stadleg bemanning i Myra bufellesskap måndag til fredag, medan helsehjelp på helg blir ambulerande. Dei tilsette i Myra bufellesskap vil alle jobbe 100% stilling og vere på jobb saman med dei to som allereie er på vakt på helg i Rus og psykisk helseteneste.  

Arbeidsgivar har uansett organisering ansvar for at helsehjelpa ein yter er fagleg forsvarleg og at arbeidsmiljøet til dei tilsette vert vurdert som trygt.    

Kommunestyret vedtok å følgje innstillinga frå Tenesteutvalet for helse og omsorg og kommunedirektøren.