Illustrasjonsfoto: Norges lover
NDLA
Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettsak på lik linje med domstolen sine eigne dommarar (fagdommarar).
Kommunen skal velje meddommarar til tre ulike utval:
- Meddommarar til lagmannsretten
- Meddommarar til tingretten
- Meddommarar til jordskifteretten
I tillegg skal kommunen fremme forslag til skjønsmedlemar som vert valde av fylkeskommunen.
Meddommarutvala skal ha ein allsidig og brei samansetjing, og meddommarane skal derfor i størst mogleg grad gjenspegle kommunen si befolkning. Det betyr at når ein vel nye meddommarar må ein mellom anna ta omsyn til alder, etnisk bakgrunn og kultur.
Ein meddommar deltek i om lag 1-3 saker per år. Ei sak kan vare frå ein halv dag til fleire veker. Ein meddommar deltek både i sivile saker og i straffesaker.
Kven kan bli meddommar?
- Ein må ha tilstrekkeleg norskkunnskap
- Vere personleg egna til oppgåva
- Må ha fylt 21 år og vere under 70 år
- Ha stemmerett og vere valbar til kommunestyret i Volda når perioden startar
- Norsk eller nordisk statsborgar eller registrert i Folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra
- Vere lovlydig
- Ha godkjent vandel
For meir informasjon sjå Kva er ein meddommar? | Norges domstoler
Video om å vere meddommar: https://youtu.be/Bux9yFjdzic
Meld di interesse ved å fylle ut dette skjemaet
Du kan også ta kontakt med kommunen om du har spørsmål på telefon 70 05 87 00 eller e-post postmottak@volda.kommune.no