🎉 Hurra! Noreg er klare for åttedelsfinale i VM mot Brasil
Vi gjentek suksessen og inviterer til ope hus med storskjermvising av kampen på kinoen. Her blir det mogleg å oppleve den spennande VM-kampen saman med andre fotballglade i alle aldrar.
Alle er hjarteleg velkomne til å vere med og heie fram Noreg og samtidig heidre våre lokale VM-heltar, landslagskeeper Ørjan Håskjold Nyland og keepertrenar Frode Grodås. I tillegg er vi stolte av at morsslekta til Fredrik Aursnes er frå Volda.
- Kampstart kl.22.00
- Dørene opnar kl.21.00.
- Ingen førehandsbooking av billettar - førstemann til mølla
- Arrangementet er gratis.
Kiosken på kinoen er open.
Ta med flagg, familie, vener og godt humør – dette vil du ikkje gå glipp av! ⚽🎉
Heia Noreg! Velkomen! 😊
