Ope møte om detaljregulering for Aasenkvartalet

Ope møte om detaljregulering for Aasenkvartalet

Tysdag 18. november kl. 19.00 er det ope informasjonsmøtet om regulering av Aasenkvartalet. Møtet skal vere på kinosalen. 

I samband med offentleg ettersyn og høyring av Detaljregulering for Aasenkvartalet gbr. 19/1029, 19/629, 19/752, 19/29 m.fl, inviterar Volda kommune til informasjonsmøte.

  • Agenda informasjonsmøtet 18. november i kinosalen 

    Dato: 18. november

    Stad: Kinosalen Volda samfunnshus

    1900 – 1910      Innleiing og velkomen – ordførar

    1910 – 1940      Orientering om utkast til plan 

    1940 – 2000     Bakgrunn for reguleringa og planar for området 

    2000 – 2030    Spørsmål og svar

Offentleg ettersyn

I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-10 vert Detaljregulering med namn Aasenkvartalet gbr. 19/1029, 19/629, 19/752, 19/29 m.fl. lagt ut til offentleg ettersyn. 

Høyringsperioden er frå 10.11.2025 – 22.12.2025.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av ein kunnskapspark og innovasjonssenter med offentleg og privat tenesteyting, kontor, undervisningslokale, hotell, kulturscene og næringsareal med tilhøyrande uteopphaldsareal og parkering.

Planforslaget kan du lese ved å klikke på vedlegga under.

 

Artikkel: Offentleg ettersyn – Detaljregulering for Aasenkvartalet