Ope pårørandemøte

Ope pårørandemøte

Leiarteamet ved Volda omsorgssenter inviterte til ope pårørandemøte i kaféen på omsorgssenteret 25.09.23. Volda omsorgssenter

Volda kommune har arrangert opne pårørandemøte tidlegare, men dette vart dessverre stopp på då pandemien kom. No var tida inne for å komme i gang igjen med desse opne møta, seier Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar for institusjonstenestene.

– Det vart sendt ut SMS med informasjon om ope pårørandemøte til alle hovudpårørande til langtidsbebuarane på Volda omsorgssenter. I tillegg vart det hengt opp informasjon på pasientrom og på oppslagstavler i korridorar på alle seksjonane på huset. 

Vi var glade for godt oppmøte, seier Ann-Sølvi Heltne, som fortel at det møtte godt over 30 pårørande.

– Møtet starta med ei orientering om kva institusjonstenestene i Volda er, korleis vi er bygd opp, kor mange tilsette og kva type kompetanse vi har i teneste hos oss. Seksjonsleiarane gav ein kort presentasjon av dei ulike seksjonane som dei er leiar for. 

– Vi orienterte om kva slags aktivitetar dei som bur her kan delta på, og tilboda vi har både i og rundt huset. Vi informerte om at det har vore ei oppgradering i Sansehagen bak omsorgssenteret, og at denne hagen er open for alle bebuarar, pårørande og andre besøkande. 

– På framsida til Volda kommune si heimesida ligg ein kultur- og aktivitetskalender (Friskus). På denne sida kan ein finne fram til dei ulike aktivitetane som er tilgjengeleg. Frivilligkoordinatorane legg ut sine aktivitetar her. Det vert anbefalt å gå inn å sjekke litt på denne sida. 

–Vi hadde òg ei orientering om Compilo som er kvalitets-/ avvikssystemet til Volda Kommune, fortel Ann-Sølvi vidare.

– Kommunalsjef for helse- og omsorg, Svein Berg-Rusten, viste fram tala og gjekk gjennom den siste brukarundersøkinga som er utført hos oss. Denne brukarundersøkinga er eit program kommunen kjøper frå Bedrekommune. Ei slik brukarundersøking har vi ein plan om å utføre ein gang i året.  For demensavdelinga vil undersøkinga verte gjennomført som ei pårørandeundersøking. 

Det var ope for spørsmål og innspel underveg og vi opplevde at der var god dialog frå dei frammøtte og vi fekk inn mange gode innspel undervegs i møtet, seier Ann-Sølvi Heltne, som er avdelingsleiar for institusjonstenestene.

Fleire meinte at det var flott at kommunalsjefen var til stades slik han kunne svare på spørsmål som gjekk meir på den overordna administrasjonen og det politiske arbeidet i kommunen.

Det vart fremma ønske frå pårørande om at vi skal ha slike møte to gonger i året. 

– Vi ønsker å sette opp ulike tema på desse møta, og tek gjerne imot innspel frå pårørande om det er noko dei ønsker å vite meir om, seier leiarteamet ved Volda omsorgssenter. 

 

Dei som arrangerte dette pårørandemøtet, og tek gjerne imot forslag om tema til møte som skal vere framover er: 

Seksjonsleiar Selje /Hasletunet : Kwan B Salvesson

Seksjonsleiar Pile /Kleppetunet : Sigrid Saanum

Seksjosnleiar Korttidsseksjonen: Elsebeth Melle 

Avdelingsleiar  Institusjonsteneste : Ann-Sølvi Heltne
 

Kontaktinformasjon finn du under.

Kontakt

Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
E-post
Mobil 91 14 48 63
Kwan Brudevoll Salvesson
seksjonsleiar
E-post
Telefon 70 05 40 12
Mobil 94 13 98 17
Sigrid Saanum
seksjonsleiar, Pile/Kleppetunet
E-post
Mobil 99 22 83 70
Elsebeth Melle
Seksjonsleiar, Kaptein/Klokkarstova
E-post
Telefon 70 05 40 13
Mobil 91 13 05 21