Open brannstasjon og fabrikk i Hornindal

Open brannstasjon og fabrikk i Hornindal

Laurdag 19. september inviterer Volda brann og redning og Ekornes til open brannstasjon og fabrikk i Hornindal. Det blir aktivitetar for både små og store – og sjølvsagt kjem Bjørnis!

Plakat med informasjon som står i artikkelen om open brannstasjon og fabrikk - Klikk for stort bilete Plakat

Arrangementet går føre seg laurdag 19. september kl. 11.00–15.00.

Ekornes markerer i år 50 år med produksjon i Hornindal (1976–2026). I samband med jubileet inviterer Ekornes og brannvesenet til ein dag med omvising, aktivitetar og høve til å bli betre kjende med både fabrikken og brannstasjonen.

Dette kan du vere med på

  • Omvising på Ekornes og brannstasjonen
  • Sjå og prøve brannutstyr
  • Prøvesitte brannbil
  • Sløkkjeøvingar
  • Enkel konkurranse for alle
  • Møte Bjørnis
  • Gratis kontroll av brannsløkkingsapparat ved Myklebust brannsikring – berre for private bustader
  • Nortura spanderer pølser

 

Bjørnis kjem – kjem du?

Arrangementet er ope for alle. Velkomen til ein kjekk og lærerik dag i Hornindal!