Opning av Volda samfunnshus

Opning av Volda samfunnshus

Laurdag 15. februar opnar samfunnshuset dørene for publikum. Kommunen inviterer til offisiell opning og ope hus.

Sølvi Dimmen opnar samfunnshuset - Klikk for stort bilete Volda kommune

Høgtidleg opning 

Arrangementet startar kl. 12.00 med ein offisiell opningsseremoni for inviterte gjester. Her blir det tale, snorklipping og ei høgtidleg markering av samfunnshuset si rolle i lokalsamfunnet.

Opent hus for alle

Kl. 13.00 – 16.00 opnar huset for alle. Publikum får sjå seg rundt i dei nye romma, det vert teiknekonkurranse for barn og digital filmquiz med premiar. På ungdomsklubben vil ein kunne få informasjon om opningstider og ungdom vil få moglegheita til å kome med forslag og idear til aktivitetar og innhald.

Over hundre år med kino i Volda

På kvelden held feiringa fram i regi av Volda Filmteater. Det vert først eit eige arrangement, der den over hundre år lange historia til kinoen skal bli feira. Kl. 20.00 blir det open kinovisning, med filmen Captain America: Brave New World.

 

Velkommen til opning!

 

 

Ungdomsklubben

Ungdomsrådet har satt fredag 28. februar kl. 18.00 som tidspunkt for opningsarrangement på ungdomsklubben på samfunnshuset, dette kjem det snart meir informasjon om.