Oppdatering om prosjektet på Grodås

Oppdatering om prosjektet på Grodås

Grodås aust juni 2020 - Klikk for stort bilete

Prosjekt "Grodås aust" har no vore i drift i vel ein månad.

Tekniske installasjonar

Den fyrste månaden av dette kommunale infrastruktur-prosjektet på Grodås har gått godt og vi seier oss nøgd med oppstarten og prosjektet hittil. Vi har i hovudsak fokusert arbeidet på å få lagt ned tekniske installasjonar som kummar og rør tilhøyrande den vestlegaste delen av VA-anlegget. Det betyr at vi har hatt mykje aktivitet nede ved E39. Vi har fått etablert den permanente tilknytinga frå nyanlegget og inn på eksisterande teknisk anlegg. Grøfter og groper er lagt igjen og vi er i hovudsak ferdig med dette området.

Klargjering for ny busetnad

Maskinene har forflytta seg gradvis lenger og lenger opp og austover. Parallelt gjennomfører same entreprenør utgraving av tomter i Grodåsbakkane for eit privat selskap som byggherre.  Vi har så smått starta på grøftene sørover også, der det skal leggast ned vass- og avløpsrør i tillegg til trekkerør og ny høgspentkabel. Vass- og avløpsleidningar leggast ned i tilfelle framtidig ny busetnad, medan kabelen som leggast ned er erstatning for lutftlinja som nyleg vart sanert.

Vegen vidare

I neste periode vert det å arbeide vidare med grøftene og nedlegging av teknisk anlegg. Sjølve vegbygginga vil kome etter kvart som grøftene vert bygd. Grøftene vert i hovudsak liggande i vegkroppen, eller i veggrøft. Det er ikkje planlagd noko arbeid som medfører mellombels nedstenging av vassforsyning i komande periode, så naboar kan vere trygg på at vatnet ikkje vert stengd av komande månad.

 

Kommunen oppmodar framleis publikum om å respektere anleggsgjerder og anleggsskilt. Vi erfarer at desse oppmodingane i all hovudsak vert imøtekomt, noko både byggherre og entreprenørar set stor pris på. Takk for det.

Grodås aust juni 2020 - Klikk for stort bileteProsjektet "Grodås aust", status i juni