Oppdatert status om koronasituasjonen 30.11.21 kl. 21:00

Oppdatert status om koronasituasjonen 30.11.21 kl. 21:00

Volda kommune har i dag 30.11. fått melding om 6 nye smittetilfeller med covid-19.

Fem  av desse er smitta i husstanden, den siste er truleg smitta på skulen. Tre av dei smitta er fullvaksinerte og tre er uvaksinerte.

Éi 3. klasse på Øyra skule vil igjen få utlevert hurtigtestar på skulen i morgon. Føresette vert varsla av skulen. Minner om at nærkontakter med symptom bør ta ein PCR-test.

To av dei smitta har vore på jugendfest i Ålesund i helga. Dersom ein har vore der og får symptom, bør ein halde seg heime og ta ein PCR-test.