Oppgradering av Grodås vassverk

Oppgradering av Grodås vassverk

Vatn - Klikk for stort bileteInformasjon om vasskvalitet for abonnentar på Grodås vassverk.

Det har ved fleire høve blitt sendt ut kokevarsel til abonnentar ved Grodås vassverk. I samband med slikt varsel har det vore nødvendig å klore drikkevatnet. Kloring av drikkevatn kan gi ein myraktig smak, men det er ikkje farleg.

Auka prøvetaking

Avdeling vatn og avløp har gode rutinar med omsyn til prøvetaking på alle vassverka vi driftar. Rutinane sikrar at vi raskt kan konstatere om noko er unormalt ved drikkevassforsyninga og vi kan iverksette tiltak.

Reinsing av drikkevatnet

Ved Grodås vassverk er Kirkhornselva vasskjelde og vatnet vert normalt behandla med UV- lys og partikkelfilter før det vert levert til abonnentane. I våre rutinar skal vi starte kloring av vatnet når råvasskvaliteten i Kirkhornselva fell under ein viss kvalitet. Vi følger opp dette ved automatiske målingar på vassverket, noko som sikrar at vi kan iverksette tiltak raskt. Erfaring viser at dette er svært effektivt og har fungert godt. Bieffekten med å klore drikkevatnet er at det kan gi ein myraktig smak, men det er ikkje farleg.

Kokevarsel

Råvasskvaliteten i Kirkhornselva endrar seg raskt ved snøsmelting, nedbør og vêrendringar. I enkelte periodar har ein måtta starta og stoppa kloring av vatnet opp til tre gangar i veka på bakgrunn av automatiske målingar og fastsatte grenseverdiar.

Ut over hausten vil vi varsle når vi startar å klore drikkevatnet og vi vil varsle stopp av kloring når vi ser at det ikkje er fare for at vi må starte opp igjen med kloring innanfor ei veke. Dette betyr at innanfor ei veke vil vi kunne starte og stoppe kloring fleire gangar utan at dette blir varsla. Vi arbeider med å halde kloringa på eit så lågt nivå som mogleg.

Vegen vidare

Det er ikkje ønskeleg å klore drikkevatnet ved Grodås vassverk på grunn av myrsmaken dette gir. Det er difor satt i gang eit prosjekt med å oppgradere Grodås vassverk der vi set inn nye, større og kraftigare UV-anlegg som er dimensjonert for vasskvaliteten Kirkhornselva kan ha, også ved store nedbørsmengder og snøsmelting. Vi trur at dette vil føre til ei mykje tryggare og betre reinsing av drikkevatnet og at dette vil redusere klorbehovet ved vassverket. Vi oppgraderer også partikkelfilter slik at drikkevasskvaliteten vert betre enn i dag. Prosjektet med oppgradering er godt i gang og vi håper at det nye oppgraderte anlegget står klart til bruk 1. desember.