OPPTATERING 23.10.23 OPPHEVA KOKEPÅBOD

OPPTATERING 23.10.23 OPPHEVA KOKEPÅBOD

Kokevarsel for området Furene, Mork, Egset, Ytrestøylen og delar av Frøholmfeltet vart oppheva måndag 23. oktober etter at vi fekk 2 godkjente vassprøver. 

Kart - kokevarsel Furene - Klikk for stort bileteDei som bur innanfor det lilla området, Mork, Furne, Egset og Ytrestøylen må koke vatnet inntil ny beskjed vert mottatt. Kart

---

Torsdag 19.10.23:

Torsdag fekk Volda kommune påvist bakteriar i leidningsnettet på Furene etter ei rutineprøve. Det er sendt ut SMS til personar som bur i området som er råka. Det vert sendt ut ny beskjed når kokeverselet vert oppheva.

 

SMS meldinga som er sendt ut: 

Det er påvist bakteriar i ei rutineprøve kommunen tor av drikkevatnet i Furene. Det betyr at alle abonnentar frå Gamlevegen 30 til og med Mork/Furene må koke vatnet. Kart over råka abonnentar kring Gamlevegen finn du på kommunens heimeside. Kokvarselet vil gjelde til vi får godkjente vassprøver. Vi vil varsle når vi får godkjente prøver, men dette vil ikkje skje før etter helga. 
Ved kokvarsel oppfordrar vi abonnentar  om å følgje råda frå FHI, du finn dei ved å trykkje på lenka: https://www.fhi.no/sm/drikkevann/rad/kokevarsel/