Orientering om Helseplattforma

Orientering om Helseplattforma

Kommunestyremøte torsdag 21. mars 2024, klokka 13.00. Det vert orientering om Helseplattforma i komande kommunestyremøte,  torsdag 21. mars. Merk at møtet skal vere på Austefjord skule. 

Kommunestyremøtet startar kl 13.00 og er ope for alle. Orienteringa om Helseplattforma vert rundt kl. 16.30.

Møtet vert strøyma på https://volda.kommunetv.no/, under føresetnad av at teknisk utstyr og internett fungerer som det skal. Det vert gjort opptak av orienteringa som blir å finne på kommunen si heimeside i etterkant av møtet. 

Dei som kjem for å orientere kommunestyret er Tor Erling Evjen, Helseplattformen. Han har leia innføringa av Helseplattformen i Trondheim.  Ann Kristin Royset, Helseplattformen kjem. Ho har vore lokal innføringsleiar i Ålesund kommune. Henrik Erdal, fagleg leiar for innføring av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal kjem, i tillegg til Cecilie Oppdal som er kommuneoverlege i Vanylven.

Det er sett av tid til spørsmålsrunde. Det er berre representantar i kommunestyret som har høve til å stille spørsmål i dette møtet. 

Innkalling og politiske saksdokument