Orientering om oppstart av bygging

Bilete av løysingsforslaget til Christie & Opsahl AS. UTsida av den nye symjehallen. - Klikk for stort bilete Christie & Opsahl AS

Snart startar arbeidet med bygging av ny symjehall på Joplassen. Her er litt praktisk informasjon om byggeområdet.  

I samsvar med vedtak i kommunestyret er Volda kommune i ferd med å realisere ny symjehall i tilknyting til idrettsbygget Volda Campus Arena. Oppstart er sett til 1. desember og byggetida er forventa å vare til medio oktober 2024.

I byggeperioden vert byggeplass og riggområde avstengt med byggegjerde. Gangveg  som i dag går mellom Røystunvegen og Joplassvegen vert stengt. For å etablere gangforbindelse mellom Røystunvegen og høgskuleområdet vert det i byggetida laga gangveg langs byggegjerde til eksisterande gangveg langs Berte Kanutte-huset. Det vert vist til vedlagte kartutsnitt over området.

Eksisterande parkeringsplass ved hovedinngang nord for Volda Campus Arena vert stengt. Som erstatning vert grusa parkeringsplass aust for høgskuleområdet stilt til disposisjon for ålmenta i byggeperioden. Andre parkeringsplassar eller gangvegar på høgskuleområdet vert ikkje berørt.

Joplassvegen til og med rundkøyringa vert open for vanleg trafikk i byggeperioden. Det må derfor påreknast noko trafikkauke på grunn av trafikk til og frå byggeplass. I særlege tilfelle kan det skje at Joplassvegen må stengast i kortare perioder. I tilfelle skal dette varslast på førehand.

I fyrstninga vil arbeid på byggeplassen bestå av tilkøyring av utstyr og plassering av byggegjerde.

Volda kommune søkjer å gjennomføre bygging av ny symjehall med så lite ulemper for omgjevnadane som mogleg. På grunn av prosjektet sin størrelse og plassering må det likevel påreknast noko ulemper gjennom byggetida.

Kartteikning av byggeområdet med gangvegar og parkeringsplass. - Klikk for stort bilete Kart