Kommunane i heile landet øvde samtidig. Øvinga er nasjonalt initiert og har samanheng med at dette året er utnemnt til «Totalforsvarsåret». Dei nasjonale sikkerheitsmyndigheitene har vurdert eit auka trusselbilde. Målet var å øve på korleis kommunen kan trygge innbyggjarane og levere tenester ved ein eventuell krisesituasjon, der kommunikasjon og tilgang på ressursar vert sterkt utfordra.
–Vi får ikkje berre testa korleis kvar kommune handterer ei langvarig krise, men også korleis vi kan bruke dei felles strukturane våre til å dele informasjon, samordne ressursar og skape ei felles situasjonsforståing. Vi er her for å lære i lag og av kvarandre, fortel kommunedirektør i Ørsta Kari Frø.
Politimesteren i Møre og Romsdal Elin Anja Drønnen var også innom øvinga og helste på dei fleste deltakarane frå dei frivillige organisasjonane.
Felles øvinga gjekk føre seg i lokala til Røde Kors i Ørsta, og vart oppsummert med at den fungerte godt og at ein ynskjer gjerne fleire slike øvingar.
Felles beredskapsråd
Ingeborg Bjørneset
Kriseleiinga i Volda
Ingeborg Bjørneset
Kriseleiinga i Ørsta
Ingeborg Bjørneset
Felles beredskapsråd
Ingeborg Bjørneset