Ørsta og Volda samde om Bjørke

Ørsta og Volda samde om Bjørke

Overskjønsnemnda ved Carl Petter Martinsen (leiar), Bjørn-Atle Hansen og Gro Anita Trøan saman med ordførar Sølvi Dimmen i Volda og Stein Aam i Ørsta - Klikk for stort bileteOverskjønsnemnda ved f.v. Gro Anita Trøan, Carl Petter Martinsen (leiar) og Bjørn-Atle Hansen saman med ordførar Sølvi Dimmen i Volda og Stein Aam i Ørsta Rune Sjurgard

Ørsta og Volda kommune har i dag vorte samde i erstatningssaka knytt til grensejusteringa av Bjørke/Viddal.

Kommunane er samde om ein modell for deling av kraftinntekter med ei nedtrapping over 12 år rekna frå 2020. Saka har vorte grundig belyst og gjennomgått overfor Overskjønsnemnda. Kommunane ser stor verdi i å kunne løyse saka sjølve gjennom eit forlik. Partane sine advokatar og overskjønsnemnda har medverka konstruktivt for å få til denne løysinga.

Modellen går ut på at ein fordeler faktiske kraftinntekter kvart år, slik: Første 4 år 65 % til Ørsta/35 % til Volda, neste 4 år 45 % til Ørsta/55 % til Volda og dei siste 4 åra 20 % til Ørsta/80 % til Volda.

Ordførarane Stein Aam og Sølvi Dimmen seier at her har vi kome fram til eit resultat der ingen kunne få fullt gjennomslag for sine krav, men likevel er balansert for begge partar.

Kommunane ser no fram til å halde fram og utvikle vidare samarbeid for å løfte Volda og Ørsta som ein viktig region.

Sølvi Dimmen, ordførar i Volda og Stein Aam, ordførar i Ørsta tek kvarandre i handa og er samnde om Bjørke/Viddal - Klikk for stort bileteSølvi Dimmen, ordførar i Volda og Stein Aam, ordførar i Ørsta tek kvarandre i handa og har blitt einige om Bjørke/Viddal. Sverre Leivdal Bilete frå Bjørke og kraftverket. - Klikk for stort bileteBilete frå Bjørke og kraftverket. Volda kommune