Overlevering av Yksnøy skule

Overlevering av Yksnøy skule

Odd Harald Sundal I går var det overlevering av Yksnøy skule. Brørne Henrik (t.v.) og Jon Dag Yksnøy tok over skulen frå Volda Kommune, på vegne av familien.

Odd Harald Sundal, konst. seksjonsleiar for forvaltning og drift i eigedomsavdelinga reiste utover i går i frisk sjø og skikkeleg regnver til Yksnøya og skulen ligg om lag midt på øya. Synfaringa viste at bygget er i forbausande god stand tatt i betraktning at det ikkje har vore i bruk sidan midt på 50-talet.

Den som har vor på Haueleite og sett på gamle Hjartå-skulen vil kjenne seg godt att i skulebygget på Yksnøya.

Henrik og Jon Dag Yksnøy har planar om å sette bygget i stand til å huse overnattingsgjestar, men vil ta vare på «skulepreget». Bygget treng oppgradering på el-system, og maling inne og ute. Det er ikkje innlagt vatn i dag, men når arbeidslysta tek overhand så ordnar dei sikkert det også.

Odd Harald Sundal Yksnøy skule ligg om lag midt på øya, og born frå dei 6 nedlagte småbruka der har hatt kort veg på skule.