Overtaking av Bratteberg barnehage

Overtaking av Bratteberg barnehage

Volda kommune har signert avtale om overtaking av Bratteberg barnehage.

Frå 1. april vert Bratteberg barnehage kommunal. Frå august vil barnehagebarn og tilsette frå Sollia barnehage også få sin barnehage her.

Fram til august vil vi bruke tida godt på ein god prosess for barn og tilsette både i Sollia- og Bratteberg barnehage, slik at dei kan knyte seg saman til å bli ein barnehage. Det er i dag sendt ut informasjon til føresette til barn i Bratteberg- og Sollia barnehagar (PDF, 361 kB).

Eit betre fysisk miljø 

Volda kommune ser fram til å ta over det flotte bygget og kunne tilby enno fleire barn eit godt fysisk læringsmiljø og dei vaksne eit godt fysisk arbeidsmiljø.

Prosessen fram til no

Denne saka går attende til oktober 2017, då kommunestyret vedtok utgreiing av barnehagedrifta i sentrum, og ei mogleg strukturell endring. Bakgrunnen var mellom anna at delar av den kommunal bygningsmassen var dårleg, og då særleg Sollia barnehage.

I prosessen som følgde, var det dialog med Læringsverkstedet, som ga uttrykk for at dei var villige til å selje Bratteberg barnehage. Ein lang prosess følgde, og det var ulike meiningar om kommunen skulle kjøpe barnehagen.

No har Volda kommune tileigna seg eit nær nytt barnehagebygg, med god kapasitet. Kommunen vil no sjølv rå over ledig kapasitet, og vil til ei kvar tid kunne tilby barnehageplass til dei som ynskjer å flytte til Volda og har behov for barnehageplass.

Prosessen vidare

Drifta i Bratteberg barnehage og Sollia barnehage vil halde fram som no ut barnehageåret. Frå 1. august vil barnehagane verte samla i nye Bratteberg barnehage.

Prosessen med overtaking av dei tilsette i Bratteberg barnehage har byrja. Arbeidsmiljølova legg føringar for korleis prosessen skal gjennomførast.

Den første kommunalt bygde barnehagen

Sollia var den første barnehagen Volda kommune bygde, og den vart teken i bruk i 1972. Når barnehagen vert nedlagt 1. august 2021, markerer det difor slutten på ein viktig del av barnehagehistoria i kommunen.

Volda kommune  

Bratteberg barnehage: