Øving i Selvågtunnelen 14. januar

Øving i Selvågtunnelen 14. januar

Onsdag 14. januar blir det øving i Selvågtunnelen mellom Eiksund og Garnes. Tunnelen blir stengd kl. 21.30–00.30.

Møre og Romsdal fylkeskommune, Hareid og Ulstein brannvesen og Volda brannvesen skal ha øving i Selvågtunnelen på fv. 653 mellom Eiksund og Garnes måndag 14. januar. Tunnelen blir helt stengt mellom kl. 21.30 og kl. 00.30. Selvågvegen vil også være stengt for gjennomkøyring frå Eiksund og fysisk stengt frå Garnes. Publikum vil kunne sjå røyk frå tunnelen. Dette er en øving for å styrke brannvesenets kunnskap til tunnelens utrustning etter at den ble oppgradert.

- Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane. Difor er det viktig at brannvesenet får øve og lære seg å bruke til dømes ventilasjonen, seier brannvernleiar Geir M. Larsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane.

Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i? 

Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med raude lys eller bom. 

Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på vegtrafikksentralen vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare. 

Om du lausnar eit brannslokkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.  

På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen. 

Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.   

Forsøk å varsle møtande trafikk. 

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:

Brannvernleiar Geir M. Larsen, telefon 402 215 60