Etter hundelova er det bandtvang i perioden 1. april - 20. august.
Dessverre kjem det nesten kvart år melding om at lause hundar, små eller store, anten har jaga og/eller skada husdyr på beite, spesielt småfè (sau og geit) er utsette. Vi ber difor om at alle hundeeigarar respekterer bandtvangen, slik at vi unngår slike tilfelle denne beitesesongen.
Bandtvang gjeld uansett om ein ser beitedyr eller ikkje. Områda som dyra går på sommarbeite på er store og beitedyra går spreidde, så då ser ein dei ikkje ved fyrste augekast.
Bandtvang i Volda kommune: 1. april–20. august.
I Ørsta kommune er bandtvangen utvida til og med 31. oktober.