Panoramavegen langs flaumkanalen

Panoramavegen langs flaumkanalen

Panoramavegen i Volda - Klikk for stort bilete Sølvi Dimmen

Flaumprosjektet over Volda sentrum har gitt oss fleire flotte turvegar. Vegen langs overføringskanalen har svært flott utsikt over Volda sentrum og vart raskt kalla Panoramavegen på folkemunne og har blitt ein svært populær turveg. 

Volda kommune sitt flaumprosjekt omfattar tre elvar i Volda sentrum. Prosjektet vert  gjennomført i 2 delar der del 1 er på det næraste ferdigstilt.

Del 1 omfatta flaumførebygging av Heltneelva og flaumavlasting av Orgyl/sjukehuselva, via ein overføringskanal mellom Orgyl og Heltneelva. Denne kanalen fjernar flaumvatn frå Orgylelva, slik at ein slepp å gjere tiltak ned langs Orgylelva. Etablering av eit slikt flaumvern var eit krav for å kunne bygge og ta i bruk Volda Campus Arena og det nye Mediabygget ved høgskulen.

Som eit ledd i flaumførebyggingsprosjektet vart der etablert ein turveg langs Heltneelva, frå Vikebygdvegen mot Bratteberg og vidare langs overføringskanalen. Vegen langs overføringskanalen er etablert som ein traktorveg slik at kommunen kan vedlikehalde kanalen framover. I avtalen mellom kommune og grunneigarane skal vegen også kunne nyttast av grunneigarane og ålmenta. Vegen vert stengd med låst bom i enden, men grunneigarane har rett til å køyre på vegen fram til sin skogsteig. Vegen kan fritt nyttast som turveg.