Ivar Bø, kommunedirektør i Skjåk, Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda og Jarl Martin Møller, kommunedirektør i Ulstein kommune.
Volda kommune
Kommunikasjonsprosjektet mellom kommunane Skjåk, Volda og Ulsteinvik, i samarbeid med Høgskulen i Volda, har som mål å styrke kommunane si evne til å kommunisere effektivt.
Bakgrunn for samarbeidet
Kommunane står overfor store samfunnsutfordringar knytt til demografisk utvikling, sosioøkonomiske endringar og digitalisering. Kommunen som verksemd har auka i kompleksitet. Det er viktig at den administrative og politiske leiinga i kommunen har kompetanse og ferdigheiter i å formidle fakta på ein tydeleg og tilgjengeleg måte.
Gjennom eit FOU-samarbeid med Høgskulen i Volda vil kommunane få tilgang til fagleg støtte og opplegg. Målet er å styrkje informasjonsflyten, auke kjennskapen til demokratiske prosessar og leggje til rette for større deltaking.
Slik starta prosjektet
Initiativet oppstod då kommunedirektørane i Skjåk og Volda kom i prat under ein flytur. Dei diskuterte utfordringane kommunane har med å formidle komplekse saker til innbyggjarane, politikarane og eigne tilsette.
Molde kommune var i starten ein del av prosjektet, men måtte trekke seg av politiske prioriteringsårsaker. Ulstein kommune kom deretter inn som ny partnar.
Ivar Bø, kommunedirektør i Skjåk kommune, Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda og Rebecca Mari Haugen Vikene, praksisstudent PR, kommunikasjon og media.
Volda kommune
Kommunikasjon som kjerneutfordring
Prosjektet tek utgangspunkt i at kommunane står overfor store kommunikasjonsutfordringar. Dei må forklare kompliserte saker på ein enkel og forståeleg måte – både internt i organisasjonen og ut mot innbyggjarane. Særleg når det gjeld tema som omstilling, demografiske utfordringar og velferdstenester, er det viktig å nå ut med tydeleg informasjon. Mange politiske saker er prega av tungt språk og store dokument, noko som kan gjere det vanskeleg for både tilsette, politikarar og innbyggjarar å engasjere seg fullt ut.
Løysingar og vidare arbeid
For å møte desse utfordringane vil kommunane jobbe meir strategisk med kommunikasjon, blant anna ved å ta i bruk fleire digitale verktøy, som video og korte, lettfattelege artiklar. Målet er å skape meir tilgjengeleg informasjon og å styrke forståinga av kommunale prosessar.
Høgskulen i Volda spelar ei sentral rolle i prosjektet, då dei har høg kompetanse på kommunikasjon. Prosjektet har også vekka nasjonal interesse, og fleire kommunar har vist interesse for å lære av erfaringane. Det er håp om at dette samarbeidet kan utvikle seg vidare og kanskje bli eit større forretningsområde for høgskulen i framtida.
Volda kommune
Fagleg program
Programmet på samlinga inneheldt foredrag og Workshops om rolleforståing, openheit, mediehandtering, og effektiv kommunikasjon, inkludert bruk av kunstig intelligens og presentasjonsteknikk. Deltakarane får både teoretisk innsikt og praktisk trening for å styrkje kommunikasjonen i kommunane.
Eirik Solheim heldt foredrag om KI, kunstig intelligens og korleis kommunane kan nytte seg av dette.
Volda kommune
Høgskulen i Volda er bedt om å utarbeide eit opplæringsprogram for kommunane med følgjande hovudtema:
- Bruk av kunstig intelligens i kommunikasjonsprosessen
- Definering av målgrupper
- Val av kanalar
- Presentasjon og korleis få fram bodskapen
- Teori om kommunikasjon
- Medietrening