Populære servicevakter

Populære servicevakter

Vi har gjennom sommaren hatt 16 flotte ungdomar som har hatt feriejobb som servicevakter på Volda omsorgssenter og 2 som har vore ved Hornindal omsorgssenter. 

Det har kome inn  svært mange positive tilbakemeldingar frå bebuarar, pårørande og tilsette. 

Då seksjonsleiargruppa plana å teste ut denne ordninga, var ei evaluering i etterkant noko vi ønskte å få til. Vi avtalte med dei som fekk jobb at vi kom til å kalle dei inn etter ferien for å høyre korleis dei hadde hatt det og om oppgåvene dei hadde fått var greide og om dei såg der var endringar vi kan gjere til neste sommar.  Vi utfordra dei og på å tenke over om det skulle heite noko anna enn servicevakter. 

Måndag 18.09.23 hadde vi evalueringsmøte på ettermiddag for dei som hadde vore i Volda. Det var 9 av dei 16 som hadde høve til å møte oss. 

Vi hadde nokre spørsmål til dei. 

Korleis har de vorte tatt imot på bugruppene ? 

Servicevaktene svarte at dei har vorte tatt godt imot, og at tilsette har vore imøtekommande, inkluderande og takksame for god hjelp. Dei tilsette har hatt god forståing for at dette var den første jobben ungdomane har hatt. Ungdomane sier at dei fekk god opplæring i dei ulike arbeidsoppgåvene. 

 

Tenkjer de at arbeidsoppgåvene har vore tilpassa godt nok, – er der endringar vi kan gjere til neste år?

Servicevaktene er samstemte i at dei synest det har vore kjekt å ha sommarjobb på omsorgssenteret i sommar. 

– Ein får eit mykje større innblikk i korleis det er å bu på omsorgssenter og å jobbe på omsorgssenter. Nokre av dei har vore på besøk med folk dei kjenner her mange gongar, men trudde ikkje det var slik som dette å jobbe her.  Vi fekk også vite at nokon av ungdomane eigentleg trudde at ein kom til å ha litt mindre å gjere på, men ein har hatt mykje å gjere heile vaktene. 

– Det har vore koseleg å prate med bebuarane. Ofte kjenner dei kanskje besteforeldra våra, og då har vi litt å snakke om. 

Ungdomane synes at det har vore viktig at det er klarheit i oppgåvene.  Ein kan kanskje ha ulike oppgåver på dei ulike seksjonane. Dette utifrå kva type seksjon det er. 

 

Korleis har det vore å arbeide turnus ? 

– Det har gått greitt å ha både dag, kveld og helge vakter. Vi har fått variert fritid. – På morgon- og kveldsvakter har ungdomane hatt varierte arbeidsoppgåver med alt ifrå å lage frukost, klargjere rom og ta med bebuarane på turar eller aktivitetar. Gøy å prøve ulike oppgåver.

Fleire av servicevaktene seier at denne jobben kan dei gjerne tenke seg å halde fram med i helgar og feriar. 

Nokre er usikre på om dei kjem til å velje dette yrket i framtida, men det å få prøve kan gjere at dei kan endre utdanningsveg.

 

Kva namn synes de passa til denne stillinga?

Vi hadde utfordra ungdomane på kva dei ville at stillinga skulle heite. Det som kom fram var at ungdomane synes at trivselsarbeidar er eit betre alternativ til servicevakter.

Gruppebilete av ungdomar som har vore servicevakter i sommar - Klikk for stort bilete Ann-Sølvi Heltne

 

Dei som møtte til evalueringssamtale var Andrea, Marie, Emma, Anne, Thea, Vilde, Anna, Maria og Lula.