Rebecca M.H. VikeneI perioden frå 3. februar til 11. april har Rebecca Marí Haugen Vikene vore praksisstudent innan kommunikasjon i Volda kommune, som ein del av studiet hennar i PR, kommunikasjon og media. Gjennom opphaldet har ho fått verdifull innsikt i korleis ein jobbar med kommunikasjon i ein offentleg organisasjon, og korleis ein best kan nå ut med viktig informasjon til innbyggjarane.
Rebecca har arbeidd med kommunen si nettside, der ho har skrive og publisert artiklar, redigert bilete og tekstar, og vore med på å forbetre struktur og brukartilpassing. Ho har òg vore involvert i utviklinga av nettsida Senior i Volda – eit tiltak som skal gjere informasjon meir tilgjengeleg for seniorar i kommunen.
I tillegg har ho vore aktiv på kommunen sine sosiale medie-plattformer, der ho har publisert saker og nyheiter som har bidrege til å informere og engasjere innbyggjarane.
– Denne praksisperioda i Volda kommune har vore svært lærerik og veldig kjekk. Eg har lært mykje og møtt mange kjekke menneske, seier Rebecca.
Gjennom praksisperioden har ho fått brei erfaring med å formidle offentleg informasjon på ein tydeleg og tilgjengeleg måte. Ho har vist stort engasjement og god forståing for kor viktig det er at kommunikasjonen er klar og brukarvennleg, slik at innbyggjarane får den informasjonen dei treng.
– Vi set stor pris på den solide innsatsen og det faglege arbeidet Rebecca har levert i praksisperioden sin i Volda kommune, seier fagleiar kommunikasjon, Bente Engeseth.
– Vi ønskjer deg alt godt og lukke til vidare!