Presentasjon av prosjektet "Frå fjord til fjell" - studentoppgåve vår 2019

Presentasjon av prosjektet "Frå fjord til fjell" - studentoppgåve vår 2019

Prosjektet "Frå fjord til fjell" er ei studentoppgåve av Elise Sandvik. Elise er student ved Høgskulen i Volda, og halvvegs i bachelorløpet på linja Planlegging og administrasjon med praksis som valfag. I samband med det skal ho arbeide 3 månader i sektor for utvikling i Volda kommune. Her har ho fått tildelt eit studentprosjekt som har fått namnet «Frå fjord til fjell».

Frå Elvadalen. Prosjekt frå fjord til fjell Elise Sandvik

Målsettinga med prosjektet «Frå fjord til fjell» er å lage ein plan for skilting, merking og oppgradering av naturlege ferdselsårar for gåande/mjuke trafikantar mellom Volda sentrum og fjellområda ikring. Gjennom prosjektet ønskjer eg å finne fram til kva for trasèar som peikar seg ut til dette føremålet, og kva dei som brukar stiane eventuelt saknar på dei ulike stadane. I første omgang vert stiar frå sentrum og opp mot starten på stiane mot Niven/Ring, Melshornet, og Rotsethornet prioritert, men etter kvart vil det vere mogleg å ta med fleire, t.d. friluftsområda ved Andaneset og Munken. Kart som viser aktuelle ruter finn de i dei andre vedlegga.

Plassering og utforming av eigen informasjonsstasjon i sentrum der dei ulike trasèane vert presentert, er òg noko eg ynskjer innspel til. På infostasjonen skal ein finne opplysingar om stiane, mellom anna kart som viser dei ulike turmåla, avstandar, kva ein kan oppleve på vegen, som leikeplassar, rasteplassar og liknande, samt bilete frå landskapet ein ferdast igjennom.

Der informasjonsstasjonen i sentrum er føreslått plassert vil han ha funksjon som ein integrert del av den vidare sentrumsutviklingsplanen. Informasjonsstasjonen er tenkt å ha fleire funksjonar enn å berre gi informasjon om turvegar – i tillegg til å vere fin å sjå på bør det skapast eit miljø rundt den - eg tenkjer på sitjeplassar, beplanting og installasjonar som inviterer til leik for born, men og informasjon om anna som skjer i Volda. Den kan vise aktuelle kinoprogram, annonsering av kulturelle tilstellingar, festivalinfo, buss- og ferjeruter med meir. Kanskje kan reklame vere aktuelt for å finansiere delar av tiltaket? Ved å investere i monitorar til informasjonsstasjonen vil ein til ei kvar tid kunne ha oppdatert informasjon og ein kan enkelt byte ut innhaldet. Slik vil informasjonsstasjonen kunne ha ei lang levetid og verte eit naturleg treffpunkt i sentrum. Materialbruken som tenkjast nytta til installasjonar langs ferdselsårane vil vere den same som er brukt i friluftsanlegget i Elvadalen.

Eg ynskjer dykkar synspunkt både på kvar trasèane bør liggje, kvar infotavler bør plasserast, utforming av slike, og eventuelle andre idèar som de finn relevante for dette prosjektet. Dømer her kan vere belysning, behov for vedlikehald, plassering av søppelkasser, benkar, tilpassing for barnevogn/rullestol osv.

Fundamentet for arbeidet med prosjektet finn ein i kommuneplanens samfunnsdel der arbeid med folkehelse er definert som eit førande omgrep for all kommunal aktivitet, planar og avgjerdsler. Fysisk aktivitet verkar førebyggande, kan utsetje og lindre fleire kroniske sjukdomar, difor er det viktig at ein har tilgang til gode område for leik, idrett, rekreasjon og nærfriluftsliv, helst utan å måtte bruke bil. Ein ynskjer at det skal vere enkelt og attraktivt for innbyggarar og besøkjande å nytte nærmiljøet som arena for aktivitetar i naturen. Det skal vere tilrettelagt for flest mogleg, og dermed bidra til å integrere ein breiare del av samfunnet.

Kort sagt ynskjer ein å legge til rette for at fleire kjem seg på tur, og at fleire kjem seg meir på tur!

Ta gjerne kontakt på e-post, telefon eller skriv eit brev til meg. Frist for å kome med innspel var 17. april. 2019.

Elise Hjelle Sandvik

Mail: elise.hjelle.sandvik@volda.kommune.no Telefon: 70 05 88 84

Elise Sandvik B.K.Krøvel