Pressekonferanse om breibandsutbygging i Volda kommune

Pressekonferanse om breibandsutbygging i Volda kommune

Ivar Driveklepp, Adm. dir Tussa IKT, Ordførar Sølvi Dimmen og Paul Ottar Tornes, digitaliseringsrådgjevar i Volda kommune - Klikk for stort bilete Ellen Taraldset  Volda kommune og Tussa IKT invitere mandag 21.02 til pressekonferanse om breibandsutbygginga i kommunen. Dette gjeld områda Bjørkedal-Straumshamn, Velsvika-Lauvstad og Høydalen-Sunndalen

I tråd med regjeringa si målsetting om 100 % breidbandsdekning ønsker Volda kommune i samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) å sikre eit tilfredsstillande breidbandstilbod til fastbuande og næringsliv i kommunen. Gjennom den nasjonale tilskotsordninga for utbygging av breidband, vart Volda kommune tildelt eit tilskot på kr 8 902 500 for å realisere utbygging av høghastigheitsbreidband til områda Bjørkedal-Straumshamn, Velsvika-Lauvstad og Høydalen-Sunndalen. Volda kommune har også sett av inntil 3 000 000 kr som lokal kommunal medfinanisering.

Tilskotsmidlane var lyst ut som ein konkurranse der fleire breibandstilbydarar konkurrerte om å gje det beste tilbodet for utbygging av høyhastighetsbredbånd. Tussa vann konkurransen og skal bygge ut, eige og drifte breibandsnettet.

Resterande tilskotsmidlar etter gjennomført konkurranse vert søkt omdisponert til vidare utbygging av høgshastigheitsbreiband i kommunen. 

Utbygginga omfattar etablering av naudsynte stamliner inn til områda og spredenett ut til husstandane. Tussa vil også tilby fiber til mange av fritidsbustadane, og bedriftene i områda, utan bruk av offentlege midlar. Fiberutbygginga vil også leggje til rette for å føre fiber fram til Telia sine mobilmaster. Dette vil bidra til at mastene får ei sikrare og raskare internettilkopling, og kan levere den kapasiteten som mobilkundane krev framover.

I Volda kommune skal innbyggarar, næringsdrivande og besøkande oppleve at kommunikasjonen med omverda er god. Eit godt digitalt nett er ein føresetnad for at dette skal kunne skje. For å ruste samfunnet for framtida er det viktig med breibandutbygging i heile kommunen, og det er difor ei stor glede å kunne kome eit stort steg nærmare målet om fullverdig fiberdekning for heile kommunen. Fiber og gode kommunikasjonsløysingar er viktig for å kunne oppretthalde busetnad og å kunne drive bedrifter på bygdene.