Pressemelding - drukningsulykka på ÅrnesetKriseomsorgsgruppa er aktivert etter drukningsulukka på Årneset i Volda i ettermiddag. Mange var til stades på ulykkestidspunktet. Gruppa arbeider i kveld med å ivareta dei næraste pårørande og vil kome med meir informasjon om tilbod for oppfølging av andre involverte i morgon formiddag.Det var mange born og ungdom til stades og mange er berørt av hendinga. Vi oppmodar foreldre eller andre føresette om å vere saman med sine og gje anledning til at dei kan snakke om korleis dei har opplevd dette. Publisert 29.06.2022 22:15 Sist endra 29.06.2022 22:15