Pressemelding. Meldeboka i grunnskulen vert digital

Pressemelding. Meldeboka i grunnskulen vert digital

Skuleåret 2018/2019 tok oppvekstsektorane i Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Volda i bruk eit nytt oppvekst administrativ system – Tieto Education.

Systemet gir oversikt over born og elevar (i barnehage, SFO og skule), deira gruppetilknyting, timeplan for fag og lærar, samt kontaktinformasjon til føresette mm. Lærarane nyttar mellom anna løysinga til å føre fråvær og vurderingar på elevane og viktige dokument vert sikkert plassert.
I forbindelse med dette lanserer vi no ein mobil-app for føresette som skal erstatte meldeboka i skulen. Appen gir dei føresette tilgang til timeplanen til sin/sine elevar, samt ein sikker stad å melde kortidsfråvær og kommunisere med læraren med meldingar. Føresette som også har born i barnehage, vil sjå at ein har fleire av dei same funksjonalitetane (det kjem klarsignal frå barnehagen når det kan takast i bruk).
Av hensyn til personvernet, må ein logge på appen ved hjelp av eID (MinID, bankID eller tilsvarande).
Dette vil dermed erstatte til dømes e-post, og den lange tradisjonen skulen har med meldeboka.
Appen heiter «Tieto Edu» og kan lastast ned via AppStore eller GooglePlay. For dei som ikkje ønskjer eller har høve til å nytte ein app, vil det vere mogleg å logge på via ei nettside. Informasjon vert sendt direkte til føresette og lagt på kommunane sine nettsider.